Kompensasjonsordning for utanlandske arbeidstakarar

Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området får kompensasjon for den tida dei er hindra i å kome på arbeid medan grensene til Noreg er stengde. Arbeidsgjevar skal forskuttere beløpet og søke refusjon frå NAV.


– Eg er glad for at kompensasjonsordninga for utanlandske arbeidstakarar kjem på plass, slik at dei er sikra inntekt i denne krevjande perioden. Reint praktisk har arbeidsgjevarane plikt til å betale ut kompensasjonen, som er på 70 prosent av sjukepengegrunnlaget. Seinare vil dei kunne søke for å få pengane refundert frå NAV, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Personar som ikkje rettar seg etter dei nasjonale reiseråda kan bli nekta kompensasjonen. Nasjonale styresmakter frarår utanlandsreiser som ikkje er strengt naudsynte. Å reise til familie og bustad i andre land vil kunne reknast som ei naudsynt reise. Arbeidsgjevar må vurdere dette. Det kjem informasjon på nav.no.

Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området som er hindra i å kome på arbeid på grunn av innreiserestriksjonar til Noreg som følge av koronapandemien, har rett på denne ytinga dersom dei er medlemmer av folketrygda, og var tilsette hjå ein arbeidsgjevar i Noreg 29. januar 2021.

Dersom ein er permittert og mottek dagpengar vil ein ikkje ha rett til denne kompensasjonen.

Refusjonsordninga for arbeidsgjevarar vil starte i neste veke, og ordninga gjeld tilbake i tid til 29. januar 2021.

Kilde: Regjeringen.no

Did you find what you were looking for?

Thank you for responding.

Open contact form