Hovedinnhold
Skriv ut

Løyve til å drive handel med eksplosiv vare 

Kor finn du skjemaet?

Søknad om løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse II, III og IV.
Dette er ikkje eit elektronisk Altinn-skjema. For søknad om handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse II, III og IV, må den aktuelle kommunen kontaktast.

Søknad om løyve til handel med eksplosiv vare for øvrig.
Dette er eit elektronisk Altinn-skjema. Blanketten som skal nyttast for søknad om handel med eksplosiv vare er Søknad og meldingar som gjeld handtering av eksplosive varer.

Krav om vedlegg

Ved løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse II, III og IV:
Skildring av handelslokalet.

Ved løyve til handel med sprengstoff, krut og tennmiddel:
Politiattest på særskilt utpeikt kompetent person. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Kort om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Det er krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.

Følgjande krav blir stilt for løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse II, III og IV:

Søkjar som vil ha løyve til handel med pyroteknisk vare klasse II og III, må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og kunne leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.

Verksemda skal ha tilsett ein særskild utpeikt person med gyldig kompetansebevis utferda frå Norsk brannvernforeining. Særskild utpeikt person må vere minst 18 år.

Løyve til handel med fyrverkeri klasse IV, rakettar klasse II og III og pyrotekniske sceneeffektar kan berre bli gjeve til importør eller norsk produsent for direkte vidaresal til kvalifisert brukar.

Følgjande krav blir stilt for løyve til handel med sprengstoff, krut og tennmiddel:

Løyve til handel kan berre bli gjeve til den som vert rekna for skikka og skal berre gjelde handel frå ein bestemd forretningsstad.

Søkjar må dokumentere tilfredsstillande kunnskap om dei eksplosive varene som skal seljast. Søkjar skal ha tilstrekkelege kvalifikasjonar for å oppfylle kravet til sikker handtering.

Det skal peikast ut ein kompetent person som skal sjå til at handteringa går føre seg teknisk riktig og på lovleg måte.

Utpeikt person må vere over 18 år, ha god vandel og kunne leggje fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader.

Merknader:

For fyrverkeri klasse II og III er søknadsfristen 1. mai. For andre eksplosive varer er det inga søknadsfrist.

Kommunane kan ta gebyr for behandling av søknad om handel med fyrverkeri.
Løyve til handel med pyroteknisk vare klasse II og III, fritt til forbrukar, kan berre skje i perioden 27. - 31. desember.

Rett

Løyve gjev rett til å drive handel med dei eksplosive varene løyvet omhandlar.

Innlevering

Søknad om handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse II, III og IV, skal sendast til den aktuelle kommunen.

Søknad om handel med sprengstoff, krut og tennmiddel skal leverast elektronisk via Altinn.no eller sendast til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Lovheimel

FOR 2002-06-26 nr 922: Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff kap 9.