Hovedinnhold
Skriv ut

Fondsinformasjon til kvartalsoppgåve for forvaltningsselskap for verdipapirfond (KRT-1011)

Kor finn du skjemaet?

Du kjem til skjemaet ved å følgje lekkja under.
 
Opne skjema for elektronisk leveringFondsinformasjon til kvartalsoppgåve for forvaltningsselskap for verdipapirfondd

Krav om vedlegg

Skjemaet har eitt vedlegg for kvart verdipapirfond. For verdipapirfond som rapporterar markedsstatistikk til Verdipapirfondenes Forening  (VFF) er post 1.1, 1.2, 1.3 og post 2 preutfylt i kvart vedlegg.  For verdipapirfond som ikkje innrapporterar slik statistikk til foreininga må det opprettast eitt vedlegg pr verdipapirfond og opplysningane leggjast inn manuelt.

Kort om skjemaet

Kvartalsoppgåva gjev Finanstilsynet ei oversikt over omfanget av verksemda til føretaka og deira økonomiske utvikling siste kvartal. I skjema KRT-1009 førast opplysningar om forvaltningsselskapet. I skjema KRT-1011 førast opplysningar om kvart fond forvaltningsselskapet forvaltar. KRT-1011 inneheld preutfylte data frå Verdipapirfondenes Forening (VFF), slik at dette skjemaet vil vere tilgjengeleg for innrapportering noko seinare enn KRT-1009.

Redusere rapporteringsbyrde

Med sikte på å redusere rapporteringsbyrden til føretaka, kan opplysningar som blir gitt i dette skjema i samhold av lov om Oppgaveregisteret §§ 5 og 6, heilt eller delvis bli nytta også av andre offentlege organ som har heimel til å hente inn dei same opplysningane. Opplysningar om evt. samordning kan fåast ved å kontakte Oppgaveregisteret på telefon 75 00 75 00, eller hos Finanstilsynet på telefon 22 93 98 00.

Kven skal levere

Rapporteringsplikta gjeld for forvaltningsselskap for verdipapirfond med tillatelse gitt av norske styresmakter til å forvalte verdipapirfond i Noreg.

Krav til innsendar

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Innlevering

Fondsinformasjon til kvartalsoppgåva for forvaltningsselskap for verdipapirfond (KRT-1011) skal fyllast ut og sendast til Finanstilsynet
seinast 30 dagar etter utløpet av kvart kvartal.
Skjema KRT-1011 vil vere tilgjengeleg for innrapportering når data fra VFF er motteke og lasta opp til Altinn, anslagsvis den 15. i innleveringsmånaden.

Innleveringsfrist:
1. kvartal: 30. april
2. kvartal: 30. juli
3. kvartal: 30. oktober
4. kvartal: 30. januar

I tillegg skal årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning for forvaltningsselskapet og fonda sendast til Finanstilsynet når dette føreligg.

Lovheimel

Oppgaven blir innhenta med heimel i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynsloven)
§ 4 nr. 3, jf. § 1 nr. 13
.

Skjema-/tenesteeigar

Fagleg brukarstøtte

Fagleg brukarstøtte svarer på spørsmål knytte til utfylling av skjema.


Anders Hauglund
anders.hauglund@finanstilsynet.no
22939987

 

Altinn brukarservice svarer på spørsmål om Altinn.