Hovedinnhold
Skriv ut

Persontransport i rute innalands med motorvogn eller fartøy 

Kor finn du skjemaet?

Dette er ikkje eit elektronisk Altinn-skjema. Skjema får ein ved førespurnad til aktuell fylkeskommune.

Krav om vedlegg

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Vitnemål for bestått eksamen godkjent av departementet.

Politiattest ikkje eldre enn tre månader. Vandelskravet må dokumenterast kvart femte år.

Garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap, attest frå kommunekasserar, attest frå skattefut og utskrift frå konkursregisteret. For kvar motorvogn som blir nytta i rutedrifta er det krav om eit eige turvognløyve med garanti som tilhøyrande garanti.

Attestane må ikkje vere eldre enn tre månader.

Forslag til ruteplan og takstregulativ skal vere vedlagt søknaden.

Kort om skjemaet

Den som vil drive persontransport i rute må i tillegg til turvognløyve ha eit eige ruteløyve. Ruteløyve er behovsprøvd. Det vil seie at den som ønskjer å driver rutetransport må søkje fylkeskommunen der verksemda har forretningsadressa si om løyve.
Fylkeskommunen vurderer behovet for rute på den aktuelle strekninga.
Fartøy som blir sett inn i rutetransport skal godkjennast av fylkeskommunen. Erstatningsfartøy som skal  brukast i meir enn 3 månader, krev løyvestyresmakta si godkjenning.

Krav til søkjar:

Søkjaren til eit ruteløyve med motorvogn må oppfylle krava i forskrift om tilgang til yrket i persontransport med rutevogn eller turvogn.
Søkjaren er å anse for å vere fagleg kvalifisert for persontransport i rute innalands med motorvogn dersom han anten;
a) innehar løyve og driv slik transportverksemd ved ikrafttredinga av denne forskrifta, eller
b) kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen frå ein av departementet sine godkjende teoretiske opplæringar.

Søkjar må vere busett i riket.

Selskap:
Er søkjaren eit selskap eller annan juridisk person, må den til ei kvar tid daglege leiar fylle krava til vandel og fagleg kvalifikasjon. Kravet til økonomi må oppfyllast av selskapet som såleis. Er søkjaren eit nyoppretta selskap, må òg dagleg leiar oppfylle kravet til økonomi. For persontransport i rute innalands med fartøy gjeld ikkje dei overnemnde krav til faglege kvalifikasjonar.

For tildeling av ruteløyve med fartøy stiller ein følgjande krav:
Søkjaren må oppfylle kravet om tilfredsstillande vandel og økonomi i forskrift om yrkestransport innalands med motorvogn eller fartøy.

Merknad:

Alle som skal drive transport mot vederlag, må ha løyve.
Med ”drive” meiner ein her all transport med unntak av det rent sporadiske.

Rett

Løyve gjev innehavaren rett til å drive persontransport innlands med motorvogn eller fartøy.

Kven skal levere

Personar som ønskjer å drive innalands persontransport med motorvogn eller fartøy. 

Innlevering

Søknad om løyve skal sendast til fylkeskommunen der verksemda er heimehøyrande.

Lovheimel

LOV 2002-06-21 nr 45: Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

FOR 2003-03-26 nr 401: Forskrift om yrkestransport innanlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta).