Hovedinnhold
Skriv ut

Godkjenning av sædstasjon 

Kor finn du skjemaet?

Dette er ikkje eit elektronisk Altinn-skjema. Søknadsskjema kan ein få ved førespurnad til Mattilsynet.

Kort om skjemaet

For å bli godkjent må sædstasjonar vere underlagt tilsyn av ein stasjonsveterinær. I tillegg blir det stilt krav til bygningar, utstyr og drifta av stasjonen. Dyr som blir tatt inn på /blir halde på stasjonen, må oppfylle nærare bestemde dyrehelsekrav, under dette bli testa for ei rekke sjukdomar.

Krav til søkjaren:

Vilkår for godkjenning kan ein finne i forskrift om handel med dyresæd mv. kapittel 2.

Formål

Formålet er å førebyggje spreiing av smittsame sjukdomar i samband med innførsel/utførsel av sæd, eggceller og embryo.

Rett

Godkjenning gir rett til å drive sædstasjon.

Kven skal levere

Alle som skal drive sædstasjon.

Innlevering

Skjemaet skal sendast til Mattilsynet.

Lovheimel

LOV 2003-12-19 nr 124: Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven).

FOR 1998-12-31 nr 1477: Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av sæd, egg og embryoer fra visse dyrearter.

Skjema-/tenesteeigar

Sjå også

Emner