Hovedinnhold
Skriv ut

Næringsoppgåve 3 for forsikringsselskap 2013 (RF-1170)

Kor finn du skjemaet?

Dette er eitt vedleggsskjema som du finn under vedleggsfana til eitt av følgande hovudskjema:

RF-1028  Sjølvmelding for aksjeselskap, verdipapirfond, bankar mv.
RF-1215  Selskapsoppgåve for ansvarlege selskap mv
RF-1245  Selskapsoppgåve for NOKUS-selskap

Kort om skjemaet

Hjelp og rettleiing

På Skatteetatens nettsider finn du rettleiing for papirversjonen av skjemaet.

Kven skal levere

Næringsoppgåve 3 for forsikringsselskap mv. (RF-1170) skal leverast av alle føretak som er omfatta av forskrift 16.12.1998 nr 1241 om årsrekneskap m.m. for forsikringsselskap (årsrekneskapsforskrifta for forsikringsselskap) § 1-1. Dette inneber at forsikringsselskap som har hovudsetet sitt og er underlagt tilsyn i Noreg, jf. lov av 10. juni 1988 nr 39 om forsikringsverksemd (forsikringsverksemdslova) og holdingselskap med hovudsete her i riket som eig forsikringsselskap, skal levere RF-1170. Filialar av utanlandske forsikringsselskap som er etablerte i Noreg etter finansieringsverksemdslova § 1-4 pkt. 4 og 5 og pensjonskasser som er omfatta av forskrift av 27.02.2001 nr. 188, skal levere RF-1170.

Krav til innsendar

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Innlevering

Du har same frist for å levere RF-1170 som sjølvmeldinga eller selskapsoppgåva.

 

Innsending frå datasystem

Skjemaet kan og sendast til Altinn frå sluttbrukersystem.

For meir informasjon sjå innsending frå sluttbrukarsystem.

Lovheimel

Les meir om lovheimel for oppgåvene i Oppgåveregisteret:

Lovheimel 1

Skjema-/tenesteeigar

Fagleg brukarstøtte

Fagleg brukarstøtte svarer på spørsmål knytte til utfylling av skjema.


Telefon: 800 80 000


For andre spørsmål - sjå Altinn brukarservice