Hovedinnhold
Skriv ut

Autorisasjon som sjukepleiar 

Kor finn du skjemaet?

Dette er ikkje eit elektronisk Altinn-skjema. Du finn skjemaet og rettleiing for utfylling av skjemaet på nettsida til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell.

Krav om vedlegg

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Attesterte kopiar som dokumenterer utdanning og identitet (pass).

For andre krav til vedlegg, sjå rettleiinga.

Kort om skjemaet

Som autorisert helsepersonell er tittelen som sjukepleiar verna. Personar utan autorisasjon har ikkje høve til å bruke same tittel eller tittel som liknar eller kan gi inntrykk av at vedkomande har autorisasjon.

For sjukepleiarar er det to normalsituasjonar for søknad om lisens eller autorisasjon:
 
Autorisasjon
Autorisasjon blir gitt til søkjarar som har bestått utdanning som sjukepleiar.

Lisens
Lisens er løyve til å jobbe som sjukepleiar, men på visse vilkår. Ein lisens kan vere avgrensa i tid, til stad, til bestemde oppgåver m.m., og kan berre bli gitt etter ei konkret vurdering der ein finn det godtgjort at lisensinnehavaren kan utøve yrket forsvarleg. Lisens er ein ny moglegheit for sjukepleiarar. Lisens kan etter ei konkret vurdering til dømes bli gitt til sjukepleiarar med utdanning utanfor EØS. Lisens kan også bli vurdert gitt til ein sjukepleiar som tidlegare har fått kalla tilbake autorisasjonen sin (offentleg godkjenning), men som er i ferd med å bli eigna til å jobbe igjen. 

Krav til søkjaren:

Søkjar må vere eigna.
Krav til utdanning. Eksamen skal vere bestått frå ein av skolane godkjent av Kunnskapsdepartementet.

For søkjarar innanfor nordiske land, EØS-land og land utanfor EØS stiller ein ulike krav.

Formål

Autorisasjon skal sikre at sjukepleiaren har dei naudsynte kvalifikasjonane for yrket.

Hovudformålet med autorisasjon er å vareta tryggleiken til pasientar.

Rett

Autorisasjon og lisens gir rett til å arbeide som sjukepleiar.

Kven skal levere

Alle sjukepleiarar som skal ha autorisasjon eller lisens.

Innlevering

Skjemaet skal sendast til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell.

Lovheimel

LOV 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).