Hovedinnhold
Skriv ut

Registrering i Frivilligregisteret (Samordna registermelding) (BR-1031)

Kor finn du skjemaet?

Du kjem til skjemautfylling ved å følgje lekkja under.

Opne skjema for elektronisk leveringRegistrering i Frivilligregisteret (Samordna registermelding)

Krav om vedlegg

Stiftelsesdokument, vedtekter, nødvendige protokollar, erklæringar. 

Vedleggskjema

Kort om skjemaet

Digital signatur

Løysinga er basert på signering av meldingar. Det betyr at dei som skal skrive under på meldinga, må signere digitalt før meldinga kan sendast til Brønnøysundregistra. Krav om digital signatur gjeld også erklæringar som ligg ved meldinga.

Det blir kravt at dei som skal signere, gjer det personleg. Personleg signering av Samordna registermelding kan ikkje delegerast. For eksempel kan ikkje ein rekneskapsførar signere på vegner av innehavar i eit enkeltpersonføretak sjølv om rekneskapsføraren har fått delegert roller i Altinn.

Kven som skal signere registermeldinga, går fram av meldinga og kan variere frå organisasjonsform til organisasjonsform. Kvar signerar får automatisk oppretta ei signeringsoppgåve på hovudsida si i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.


Berre elektronisk

Denne løysinga kan berre brukast med digital signatur. Det betyr at alle vedlegg som skal følgje meldinga, må kunne lastast opp elektronisk og alle som skal signere meldinga må kunne gjere det i Altinn. Du kan ikkje ta utskrift av meldinga og sende ho inn på papir. Skal du sende melding på papir, må du bruke blanketten som er laga til det.

Gebyr

Det koster 250 kroner å registrere seg i Frivilligregisteret. I tillegg kjem ei årsavgift på 135 kroner.

Organisasjonane betaler ikkje årsavgift det året dei registrerer seg.

 

Om skjema

Tenesta kan brukast for følgjande organisasjonsformer:

• Aksjeselskap

• Foreining/lag/innretning

• Stiftelse

Følgjande kan førebels ikkje handterast av den elektroniske løysinga:

• Vedlegg som blir lagt ved meldinga som fil, kan ikkje overstige 5 MB

• Registrering av nyoppretta stiftelsar i Einings- og/eller Føretaksregisteret

• Sletting av registrerte stiftelsar i Einings- og/eller Føretaksregisteret

• Endring av grunnkapital på registrerte stiftelsar i Einings- og/eller Føretaksregisteret

Gjennom Samordna registermelding kan du registrere opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret, NAV Aa-registeret, Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister og Skattemantallet for etterskuddspliktige.

Formål

Register for frivillig verksemd skal betre og forenkle samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter.

Rett

Rettar som etter lov er avhengig av registrering.

Hending som utløyser skjemaplikta

Registrering av ny eining i Frivilligregisteret.

Endring av opplysningar om eining registrert i Frivilligregisteret.

Kven skal levere

Gjeld einingar som driv frivillig verksemd.

Krav til innsendar

Alle privatpersonar har tilgang til å fylle ut skjemaet. Dei som skal signere oppgåva vil motta ei signeringsoppgåve i "Min arbeidsliste".

Innlevering

Hendingsstyrt rapportering