Hovedinnhold
Skriv ut

Arets gründerkvinne

Siri D. Skøien er vinnaren av Årets gründerkvinne 2012. Ho får prisen for å ha utvikla eit produkt som kan spare samfunnet for millionar av kroner.

32 år gamle Siri D. Skøien har brukt 4,5 år på å få innovasjonen sin, aktivitetsstyrd vegbelysning, ut i marknaden. No blir ho lønna med ein million kronar og tittelen ”Årets gründerkvinne 2012” av NHD og Innovasjon Noreg. Prisen blei delt ut av nærings- og handelsminister Trond Giske i dag.

Prisen blir delt ut for å lyfte fram gode rollemodellar som kan inspirere fleire kvinner til å bli gründerar.

-Siri har vist at uthald, tru på seg sjølv og prosjektet sitt er viktige suksesskriterium for ein gründer.  30 prosent av norske gründerar er kvinner, og ambisjonen vår er å auke denne delen. Siri er ein god rollemodell som kan inspirere fleire kvinner med gode idear til å bli gründerar, seier Trond Giske.

Se Innovasjon Norges sak her.

 

Kilde: Nyheter fra Nærings- og handelsdepartementet 08.03.2012

Del på:

Publisert 09.03.2012