Hovedinnhold
Skriv ut

Oppstart og registrering

Før du kan registrere eit føretak må du bestemme deg for kva for organisasjonsform verksemda di skal ha.

Du må ta stilling til om du skal engasjere rekneskapsførar og/eller revisor. Det er ikkje eit formelt krav om at du må ha rekneskapsførar, men det er ein del tilfelle krav om at føretaket har revisor.

Du bør setje deg inn i reglar om skatt og avgifter, krav til rekneskap og revisjon og kva for andre reglar som gjeld for verksemda di. Gjer du ting riktig frå starten og etablerar gode rutinar, sparer du mykje arbeid seinare.

Skal du inn på den internasjonale marknaden, er det også viktig å setje seg inn i regelverket til dei landa du ønskjer samhandling med. På informasjonsportalen Your Europe, som er ein portal utarbeidd av EU, finn du reglane som gjeld når du skal utføre næringsverksemd i eit EU-land. 

Se også

Siste endring på denne siden: 07.01.2016

Del på: