Hovedinnhold
Skriv ut

Altinn vert styrka

Det er i revidert nasjonalbudsjett 2012 foreslått å auke bevilgninga til Altinn med 35,5 mill. Auken i bevilgninga skal bidra til forbetringar av løysinga.

Les pressemeldinga frå Nærings- og handelsdepartementet.

- Dette er fyrste del av ein plan for å sikre ei stabil og robust Altinn-løysing og følgje opp tilrådingar frå Det Norske Veritas sin evaluering, seier Altinn-sjef Kjersti Lauritzen. - Eg er spesielt glad for at vi no kan vidareføre det viktige arbeidet med eit test- og kvalitetssenter hos Altinn/Brønnøysundregistra.

Når det gjeld den varsla utskiljinga av Altinn som ei eigen organisatorisk eining i Brønnøysundregistra er dette arbeidet i gang gjennom ein dialog mellom Brønnøysundregistra og NHD.

Del på:

Publisert 15.05.2012