Korleis representere andre?
Her finn du informasjon om korleis ein kan representere ei undereining, sletta eining eller korleis ein søkjer i meldingar på tvers av aktørar.
For å representere ei sletta eining i Altinn må du klikke på Sjå sletta einingar. Under lista med kven du kan representere. Du vil då kunne representere dei einingane du hadde rollar på ved slettetidspunktet.
Ønskjer du å søke på skjema eller tenester for alle aktørane dine samstundes, så kan dette gjerast ved å klikke på kven du representerer oppe til høgre og Vis alle aktørar. TIl høgre på sida vil du kunne klikke på Søk for fleire aktørar.
Her vil du få muligheten til å søke på tvers av alle dei du kan representere. Du vil òg kunne lagre søka dine slik at du slepp å leggje inn søkeinformasjonen kvar gong du ønskjer å gjere eit spesifikt søk.
For å representere andre i Altinn må du ha roller for den aktuelle aktøren.
Manglar du roller må du få desse tildelt. Korleis representere andre?