Kva er Altinn?

Altinn er ein internettportal for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar. Altinn er også ein teknisk plattform, som offentlege verksemder kan nytte for å lage digitale tenester. Og ikkje minst er Altinn eit spleiselag og eit samarbeid på tvers av offentlege verksemder.


Frå 1. januar 2020 er det Digitaliseringsdirektoratet som koordinerer samarbeidet og forvaltar Altinn-plattforma på vegner av dei samarbeidande etatane - og leier arbeidet med vidareutvikling av plattforma. Frå 2004 og fram til 2019 var det Brønnøysundregistera som forvalta plattforma og samarbeidet.

Altinn er ei veletablert og omfattande plattform med sterk vekst i datavolum, stadig fleire tilknytta offentlege verksemder og aukande tal av digitale tenester. Altinn-løysinga blir også stadig vidareutvikla med forbetringar av eksisterande og ny funksjonalitet. Du kan lese meir om funksjonalitet på nettstaden Altinn/digitalisering.

Bruken av Altinn

Over 4 millionar privatpersonar har ein innboks (inkludert «arkiv») i Altinn gjennom fødselsnummeret sitt. Og over 1 million verksemder er registrerte som brukarar gjennom organisasjonsnummeret sitt. Frå oppstarten i 2003 og fram til desember 2019 passerte over ein halv milliard skjema, dokument og vedtak frå forvaltinga mellom brukarane og det offentlege via Altinn. Dette har ført til innsparingar i milliardklassa for både det offentlege og næringslivet.

Starte og drive bedrift

Altinn inneheld mykje nyttig informasjon for gründarar og små/mellomstore bedrifter under Starte og drive bedrift på Altinn.no. Her finn du også oversikt over statlege støtteordningar til næringslivet. I ei EU-leda evaluering av brukarvenleik og informasjonskvalitet som blei publisert i 2018, scora Starte og drive bedrift-seksjonen i Altinn høgast innan EU/EØS. Det er Brønnøysundregistra som er ansvarleg for innhaldet.

Innovasjon og offentleg-privat samarbeid

Gjennom arbeid i innovasjonsprogrammet Innovation@altinn har Altinn blitt sterkt involvert i det offentleg-private samarbeidet DSOP, Digital Samhandling Offentleg-Privat. I tett samarbeid med Skatteetaten, Brønnøysundregistera, Finans Noreg og BITS AS, blei den prisvinnande løysinga samtykkebasert lånesøknad etablert. Seinare har Kartverket, Nav, Politiet og Eiendom Norge blitt med i DSOP. Dei to løysingane samtykkebasert lånesøknad og digital eigedomshandel har samla eit rekna gevinstpotensial på over 30 milliardar kroner over 10 år.

Åpne kontaktskjema