For privatpersonar

Skjemaet er for deg som betaler lønn til personar som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen din.

Start teneste

Om denne tenesta

Bruk skjemaet for å gi opplysningar om lønn og forskotstrekk når du betalar lønn for:

  • pass av barn under 12 år og lønna overstig 6 000 kroner per tilsett i løpet av året
  • pass av barn med eit særskilt behov for omsorg og pleie (uavhengig av alder) og lønna overstig 6 000 kroner per tilsett i løpet av året
  • anna arbeid i heimen (ikkje barnepass) og lønna, inklusive verdien av kost og losji, overstig 6 000 kroner per tilsett i løpet av året
  • anna arbeid i heimen (ikkje barnepass) og lønna, inklusive verdien av kost og losji, for alle dei tilsette ikkje overstig 60 000 kroner i året
  • verje (etter verjemålslova § 30) som overstig 6000 kroner per verje i løpet av året når utbetalinga skjer frå den verjetrengande

MERK: Overstig utbetalingane 60 000 kroner i året, skal du ikkje bruke dette skjemaet. Da skal du bruke  ordinær a-melding (A02 eller A01).  Har du allereie brukt dette skjemaet (A04) og det viser seg at du går over grensa, kan du bruke skjemaet A04 ut året. Beløpsgrensa gjeld ikkje for utbetalingar for pass av barn under 12 år eller barn med eit særskilt behov for omsorg og pleie.

For utbetalingar som ikkje overstig 6 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje sende melding.

Skjemaet er for privatpersonar som betalar lønn til tilsette som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen.

For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:

  • Privatperson – avgrensa retter
  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla


Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Frist

Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.

Betaling

Betal forskotstrekket til din lokale skatteoppkrevjar med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.

Samanstilling/årsoppgave

Leverer du melding for lønna arbeid i heimen er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.

  • Fyll inn tilsett med fødselsnummer, og få tilgang til skattekortet
  • Fyll inn opplysningar i skjemaet
  • Kontroller opplysningane og send inn skjemaet
  • Skriv ut eller send lønnsslippen til den tilsett

MERK: Den tilsette skal ha ei utskrift av lønnsslippen.

  • Merk av for «Meldinga skal erstatte ei tidlegare innsending»
  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil erstatte
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn ei komplett melding med rett informasjon og send inn

MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye meldinga skriv over all informasjon den meldinga du erstattar.

Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller må slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.

  • Merk av for «Meldinga skal erstatte ei tidlegare innsending»
  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil annullere
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn den same feile utbetalingsdatoen og 0,- for beløp
  • Send inn. Meldinga blir då annullert.
  • Fyll deretter inn ei komplett melding med rett informasjon og send inn

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Skatteopplysningen på telefon 800 80 000, tastevalg 1-3-1 eller bruk Kontaktskjema .

Åpne kontaktskjema