Om denne tenesta

Månadleg og kvartalsvis.

 

Rapporten inneheld månadlege og kvartalsvise oppgjer og er tilgjengelege i Altinn innana den 15. i påfølgande månad. Rapporten vil ligge i sitt eige arkiv i Altinn i eitt år.

Verksemder som mottekk faktura for pensjonsytingar frå NAV

For å bruke denne tenesta treng du Altinn-rolla Løn og personalmedarbeidar. 

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

 

Tenesta inneheld noko sensitiv informasjon og krev difor minimum innlogging med tryggleiksnivå 3. (Tryggleiksnivå blir vist med ikon ved sida av innloggingsval.) Meir informasjon finn du i "Guide til NAVs tjenester i Altinn" i høgremenyen og på NAV-tjenester Altinn.

Spesifikasjonen viser namn, fødselsnummer, periode og sum og brukast til å kontrollere faktura for pensjonsytingar frå NAV.

Rapporten vil du finne som vedlegg til meldinga i din "Til behandling"-boks. Vedlegga visast som:

1. Rapport i PDF-format som kan opnast for lesing eller utskrift

2. CSV-fil som kan lastast ned og overførast til bedrifta sitt løns- og økonomisystem

 

Du må opne/laste ned filene for vidare bruk i eiga verksemd.

Åpne kontaktskjema