Inntektsmelding til NAV (NAV 08-30.01)

Arbeidsgivaren skal senda inntektsmeldinga når arbeidstakaren skal ha sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar eller stønader ved sjukt barn eller nærståande.

NAV har lansert ei ny inntektsmelding for sjukepengar
Bruk den nye løysinga viss du har mottat eit varsel frå NAV om å senda inn inntektsmelding. Du sender då inn inntektsmeldinga frå https://www.nav.no/arbeidsgiver. Les meir om den nye inntektsmeldinga for sjukepengar

Send inntektsmelding for sjukepengar via Nav.no

Send inntektsmelding via altinn.no 

(gjeld for foreldrepengar, svangerskapspengar eller stønader ved sjukt barn eller nærståande, eller når de ikkje kan bruka inntektsmeldinga på Nav.no)

Om denne tenesta

• Ved foreldrepermisjon skal du sende inntektsmeldinga så snart som mogleg etter at det fire veker igjen til foreldrepengeperioden startar. Om den tilsette startar med å utsetje, er det den første dagen i utsetjinga ein må oppgje som startdato for foreldrepengeperioden i inntektsmeldinga.

• Ved sjukefråvær skal du sende inntektsmeldinga så snart arbeidsgivarperioden er over.

Inntektsmeldinga gjeld desse ytingane frå NAV:
• Sjukepengar
• Foreldrepengar
• Svangerskapspengar
• Omsorgspengar
• Pleiepengar
• Opplæringspengar

Inntektsmeldinga skal leverast på verksemd (undereining).

For å bruke denne tenesta må du ha ein av desse tilgangane i Altinn:
• Ansvarleg revisor
• Lønns- og personalmedarbeidar
• Rekneskapsførar lønn
• Rekneskapsførar med signeringsrett
• Rekneskapsførar utan signeringsrett
• Revisormedarbeidar
• Kontaktperson NUF

Her finn du meir informasjon og ei oversikt over alle Altinn-rollene.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør, på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla, til å delegere henne til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Forskrift om at saksopplysningar til Arbeids- og velferdsetaten skal givast elektronisk, § 1 er gitt med heimel i folketrygdlova § 21-4. Ho trer i kraft 1. januar 2019.

Altinn fasar ut gammal teknologi-plattform i løpet av sommaren 2025. Plattforma har ein del utfordringar med tanke på tilgjengelegheit (Altinns tilgjengelegheitserklæring) som ikkje kan rettast utan at tenester blir flytta. Desse blir spegla i NAV si tilgjengelegheitserklæring for Altinn II skjema.

Kontaktinformasjon:

NAV Kontaktsenter 55 55 33 36.

Åpne kontaktskjema