Søknad om inkluderingstilskot (NAV 76-13.88)

Inkluderingstilskot er ei støtteordning for arbeidsgjevarar. Arbeidsgjevarar kan søkje om inkluderingstilskot for å kompensere for kostnader knytta til personar som treng tilrettelegging av arbeids- eller tiltaksplassen.

Søknad om inkluderingstilskot inneheld personopplysningar. Søknaden skal bare innehalde personopplysningar om den arbeidstakaren som søknaden gjeld. Søknaden skal ikkje innehalde fleire personopplysningar enn det som er naudsynt for å handsame søknaden.

Verksemda er ansvarleg for å sikre at personopplysningar blir handsama i tråd med bestemmingane i personopplysningslova. Sjå nærare informasjon om personvern på arbeidsplassen i rettleiing frå Datatilsynet.

Finn skjemaet på nav.no

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast når ei verksemd har kostnader knytta til personar som treng tilretteleggjing av arbeids- eller tiltaksplassen.

Skjemaet skal nyttast av personar som representerer ei bedrift - ikkje ei juridisk eining. Rolla «Helse-, sosial og velferdstjenester» gir tilgang til tenesta.
Du kan sjå kva slags roller du har for aktør på sida Profil, roller og rettigheter. Om du ikkje har den naudsynte rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.
Tenesta kan innehalde sensitiv informasjon og krev derfor minimum innlogging med sikkerheitsnivå 3. (Sikkerheitsnivå blir angjeve med ikon ved sida av innloggingsval.)

Skjemaet gir NAV naudsynt informasjon for å kunne innvilge til inkludering. Sjå Forskrift om arbeidsmarkedstiltak kap 11 Inkluderingstilskudd.

I denne instruksjonsfilmen får du ein detaljert gjennomgang av heile søknadsskjemaet om inkluderingstilskot. Du kan også ta kontakt med NAV Kontaktsenter – Arbeidsgjevartelefonen. Sjå kontaktinformasjon under.

Kontaktinformasjon:

NAV Kontaktsenter – Arbeidsgivertelefonen 55 55 33 36.

Åpne kontaktskjema