Søk om godkjenning av verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring

Alle verksemder som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, må søke om å bli godkjend av Arbeidstilsynet. Berre verksemder som har slik godkjenning, kan tilby slike tenester lovleg.

Finn skjemaet på dat.apps.altinn.no

Om denne tenesta

Alle som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, må søke om godkjenning. Kva vil det seie å drive med manuell bilpleie, hjulskift på bil og hjullagring? (arbeidstilsynet.no)

Det er ulike krav for å bli godkjend for verksemder med og utan arbeidstakarar.

Vedlegg for verksemder som har arbeidstakarar

Er de ei verksemd som har arbeidstakarar, må de legge ved dokumentasjon på at de

  • oppfyller krava til verneombod
  • er tilknytta ei godkjend bedriftshelseteneste
  • har skriftlege arbeidsavtaler for alle grupper av arbeidstakarar
  • har yrkesskadeforsikring
  • har gyldig utsleppsløyve frå kommunen dersom de er omfatta av forurensningsforskriften § 15-1


Meir om vedlegga og innhaldet i søknaden for verksemder med arbeidstakarar (arbeidstilsynet.no)

Vedlegg for verksemder uten arbeidstakarar

Er de ei verksemd som ikkje har arbeidstakarar, treng de berre å legge ved dokumentasjon på gyldig utslippsløyve frå kommunen dersom de er omfatta av forurensningsforskriften § 15-1.

Meir om vedlegga og innhaldet i søknaden for verksemder utan arbeidstakarar (arbeidstilsynet.no)

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema