Alle verksemder som skal rive, reparere eller vedlikehalde asbesthaldig materiale, må søke om tillating til slikt arbeid frå Arbeidstilsynet.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle verksemder som skal rive, reparere eller vedlikehalde asbesthaldig materiale.

Søknaden skal ha opplysningar om

  • erfaringa dykkar med arbeid med asbest frå tidlegare
  • kva type arbeid de søker tillating til
  • kva arbeid de skal gjere
  • korleis de vil organisere og leie arbeidet
  • opplæring av arbeidstakarane
  • helseundersøking av arbeidstakarane

I tillegg må de legge ved instruks for arbeidet og eventuelle utsegn frå verneombod eller representant for dei tilsette, arbeidsmiljøutval og bedriftshelsetenesta.

Les meir om kva søknaden skal innehalde (arbeidstilsynet.no).

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema