Foreiningar i Frivilligregisteret, som har valgt å rapportere rekneskapsopplysninger til Rekneskapsregisteret, leverer årsrekneskap her.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering.

Innleveringsfrist

Foreningar som avslutt årsrekneskapen første halvår (sluttdato i perioden 01.01. til og med 30.06.) skal sende årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret seinast 31. mars året etter rekneskapsåret. Avsluttes årsrekneskapen andre halvår (sluttdato i perioden 01.07. til og med 31.12.), skal årsrekneskapen sendast seinast 30. september året etter rekneskapsåret.

Foreningar som har teke på seg rapporteringsplikt ved registrering i Frivilligheitsregisteret og som ikkje sender årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret, vil bli kontakta av Frivilligheitsregisteret.

Foreiningar som ikkje har rekneskapsplikt etter rekneskapslova, og som i Frivilligheitsregisteret har valgt å ha rapporteringsplikt, skal rapportere rekneskapsopplysingar til Rekneskapsregisteret i dette skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet trenger du Altinn-rollen Regnskapsfører med signeringsrett, Regnskapsfører uten signeringsrett, Ansvarlig revisor, Revisormedarbeider, Regnskapsmedarbeider eller
Utfyller/innsender.

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg.  Sjå rettleiing om roller og rettigheter.

Årsrekneskapen består av skjema og filvedlegg. Du legg til filvedlegg frå fana "Oversikt - skjema og vedlegg" etter at du har fylt ut hovudskjemaet.

Rekneskapsregisteret nyttar skjemaet til registrering av årsrekneskap og som del av årsrekneskapen for dokumentasjon på innregistrerte opplysningar.

Lovheimel for oppgåveplikta

Årsrekneskapen består av skjema og filvedlegg. 

Skjemaet for årsrekneskapen i Altinn inneheld ein generell informasjon om årsrekneskapen og foreninga. På dei neste sidene skal rekneskapstala leggjast inn.

I tillegg til skjemaet må du leggje ved notar og årsmelding som filvedlegg.

- Valør

Du må melde i vedleggsskjemaet om tala blir rapporterte i heile tal, tusen eller million. Vel du tusen eller million, blir tala multipliserte med høvesvis 1 000 eller 1 000 000 når Rekneskapsregisteret mottek skjemasettet.

Filvedlegg

Det er ikkje krav til å skanne dei originale dokumenta. Dokumenta kan også leggjast ved som tekstfiler (f.eks. Word).

Tryggleiken blir vareteken ved at innsendar har rolle/rett for innsending av årsrekneskapen via Altinn, og ved at det blir stadfesta at den innsende årsrekneskapen er fastsett av kompetent organ. Av den grunn er det ikkje krav om at årsrekneskapen m.v. som blir send til Rekneskapsregisteret er underskriven.

Det er berre dokumenter knytte til årsrekneskapen som skal leggjast ved. Andre dokument kan sendast på e-post til firmapost@brreg.no. Årsrekneskapen og vedlagde dokument blir offentleg tilgjengelege.

Ved bruk av Google Chrome som nettlesar, er det brukare som har problem med å leggje til filvedlegg. Årsaken kan vere at SilverLight-plugin er blokkert, og at du må tillate at den kjøyrer. Får du varslet "Eit programtillegg blei blokkert", kan du godta ved å klikke på ikonet til høgre i adresselinja og tillate. Du kan også opne ei ny fane, og skrive adressa: chrome://plugins og aktivere Silverlight. 
 
Som eit aternativ, kan du nytte Internet Explorer for å leggje til filvedlegg.
For at Rekneskapsregisteret skal kunne behandle filvedlegget, bør det ha ein av desse filtypane:
 
Filtype Dokument
docx Word
doc Word
xlsx Excel
xls Excel
pdf Bilde
jpg Bilde
gif Bilde
png Bilde
tiff Bilde

Lista er ikkje uttømmande.

Det finst likevel variantar som fører til at dokumenta ikkje blir tilgjengelege for Rekneskapsregisteret:

  1. Dokument der det ikkje er meldt filtype i namnet.
  2. Om ei biletfil blir kopiert over i eit Word-dokument, kan biletet bli breiare enn margane - dette fører til at dokumentet blir ufullstendig. Legg derfor det skanna dokumentet ved som filvedlegg.
  3. Om innsendaren har definert eit utskriftsområde som ikkje tek med all teksten i eit Excel-dokument, vil berre det merkte området vere synleg i kontrollen vår.

Har du dokument med filtype Page eller Numbers, må desse lagrast som Word/Excel-fil eller pdf før innsending. Alternativt må dokumenta skannast og leggjast ved.

Tilbakemelding

Ved innsending til Rekneskapsregisteret via Altinn får du elektronisk tilbakemelding om motteken årsrekneskap, som syner om årsrekneskapen er godkjend eller nekta. Denne meldinga kan du lese under ”innboks" i Altinn, og kan også arkiverast. Når du opnar meldinga, finn du vedtaket i pdf, som du opnar i Adobe Reader.

Når saksbehandlinga er ferdig, sender Rekneskapsregisteret varsel om dette på e-post (alternativt på sms). Om årsrekneskapen blir nekta, og vedtaket i Altinn ikkje blir opna, sender vi eit nytt varsel etter ei uke. Varsla sendes til varslingsadressene som dere har lagt inn i Altinn, og eventuelt frå det innsende skjemaet.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema