Her leverer du årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. I siste versjon av skjema er årstallet 2023 tatt med i namnet. Dette for at det skal vere enkelt å finne siste versjon ved delegering av rettar.

Det er også andre skjema for å levere årsrekneskap knytt til spesielle rekneskapsoppsett.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering.

Innleveringsfrist

Årsrekneskapen skal sendast til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at han er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.

For å unngå forseinkingsgebyr må komplett årskrekneskap sendast via Rekneskapsregisteret sine skjema i Altinn seinast 31. juli.

Har årsrekneskapen sluttdato i perioden 01.01.-30.06., er fristen seinast 31. januar.

Om komplett årsrekneskap ikkje er send til Rekneskapsregisteret innan fristen må du betale forseinkingsgebyr.

Alle rekneskapspliktige etter rekneskapslova rekneskapslova § 1-2 har innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinnrolla Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Ansvarleg revisor, Revisormedarbeidar, Rekneskapsmedarbeidar eller Utfyllar/innsendar.

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå rettleiing om roller og rettar.

Årsrekneskapen består av hovudskjema, vedleggsskjema og filvedlegg. Du legg til vedleggsskjema og eventuelle filvedlegg frå fana "Oversikt - skjema og vedlegg" etter at du har fylt ut hovudskjemaet. Notane fyller du ut i skjemaet. Dette gjeld berre for verksemder som følger rekneskapsreglane for små føretak. Om de ikkje har plikt til å levere årsmelding og revisjonsmelding, er det ikkje nødvendig med filvedlegg.

Rekneskapsregisteret nyttar skjemaet til registrering av årsrekneskap og som del av årsrekneskapen for dokumentasjon på innregistrerte opplysningar.

Lovheimel for oppgåveplikta.

Hovudskjema

Vi tilrår at hovudskjemaet blir fylt ut før vedleggsskjemaet. Dette fordi det i vedleggsskjemaet ligg kontrollar mot opplysningar i hovudskjemaet. På side to kan du leggje inn e-postadresse, slik at Rekneskapsregisteret kan sende melding på e-post når årsrekneskapen er saksbehandla. Det er mogleg å leggje inn inntil ti e-postadresser.

- Utanlandsk konsernrekneskap

Rekneskapspliktige morselskap som sjølv er dotterselskap av eit morselskap som høyrer heime i ein EØS-stat, kan nytte den utanlandske konsernrekneskapen om den norske verksemda er ein del av dette. Om den rekneskapspliktige sitt morselskap ikkje høyrer til ein EØS-stat, må du leggje med dispensasjon frå Skattedirektoratet for å få nytte det utanlandske morselskapet sitt konsernrekneskap. Utanlandsk konsernrekneskap leggjer du med som filvedlegg. Du treng ikkje å legge inn dei utanlandske konserntala i vedleggsskjema, men i så fall må du krysse av for dette nedst på side ein i hovudskjemaet.

- Rekneskapsreglar

Er årsrekneskapen satt opp etter forenkla anvending av IFRS, skal du krysse av for både "Rekneskapslova sine alminnelege reglar" og "Forenkla anvending av IFRS" på side to i hovudskjemaet. Du må også huke av for kva rekneskapsreglar konsernet nytter om du legg med vedleggsskjema med tala for konsernrekneskapen.

Vedleggskjema

Vedleggsskjemaet byggjer på ein fast oppstillingsplan for resultatrekneskap og balanse. Ved utfylling i Altinn legg du også inn noteopplysningane i vedleggsskjemaet, om verksemda følger rekneskapsreglane for små føretak. Skal du levere både selskapsrekneskap og konsernrekneskap, legg du til to vedleggsskjema. Du melder på første sida om tala er for selskapsrekneskapen eller konsernrekneskapen.

I 43 av postane i vedleggsskjemaet er det mogleg å leggje inn eigne tekstar. Om du ikkje legg inn tekst, gjeld teksten som er meld i skjemaet. Ved å velje "Set inn element", som ligg i underkant av posten, får du ei ny rad for å leggje inn ny post. Denne funksjonaliteten kan nyttast om du ønskjer å spesifisere posten ytterlegare (splitte ein standardpost i fleire postar).

- Valør

Du må melde i vedleggsskjemaet om tala blir rapporterte i heile tal, tusen eller million. Vel du tusen eller million, blir tala multipliserte med høvesvis 1 000 eller 1 000 000 når Rekneskapsregisteret mottek skjemasettet.

Noteopplysningar i skjemaet har samme valuta og valør som du oppgir for regnskapstallene.

- Valuta

I vedleggsskjemaet må du velje valuta frå nedtrekkslista. Hovudregelen er at valuta skal vere Norske kroner.

- Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

NUF som leverer årsrekneskapen for både det utanlandske føretaket og den norske avdelinga skal leggje inn rekneskapstala for det utanlandske føretaket i vedleggsskjemaet. Legg ved årsrekneskapen for den norske avdelinga som filvedlegg saman med dokumenta for det utanlandske føretaket. Kontaktperson i NUF kan også fylle ut og signere skjemaet.

Filvedlegg

Små føretak fyller ut notar i skjemaet, og treng ikkje legge ved årsmelding (når sluttdatoen er 31.12.2017 eller seinare) eller kontantstraumoppstilling. Om de heller ikkje har revisjonsplikt (sjå revisorlova § 2-1 for ev. unnatak), er det ikkje nødvendig med filvedlegg. Følger de ikkje rekneskapsreglane for små føretak, må de legge ved notar, årsmelding, kontantstraumoppstilling og i dei fleste tilfella revisjonsmelding som filvedlegg. Det er ikkje krav til å skanne dei originale dokumenta. Dokumenta kan også leggjast ved som tekstfiler (f.eks. Word).

Tryggleiken blir vareteken ved at innsendar har rolle/rett for innsending av årsrekneskapen via Altinn, og ved at det blir stadfesta at den innsende årsrekneskapen er fastsett av kompetent organ. Av den grunn er det ikkje krav om at årsrekneskapen m.v. som blir send til Rekneskapsregisteret er underskriven.

Om verksemda har dispensasjon frå kravet om at årsrekneskapen skal vere på norsk (rekneskapslova § 3-4 tredje ledd), skal dispensasjonen leggjast ved årsrekneskapen kvart år. Det same gjeld dispensasjon for unnatak frå plikta til å utarbeide eigen konsernrekneskap når morselskapet høyrer heime i annan stat enn EØS-stat (rekneskapslova § 3-7 fjerde ledd). Dispensasjon blir gitt av Skattedirektoratet.

Det er berre dokumenter knytte til årsrekneskapen som skal leggjast ved. Andre dokument kan sendast på e-post til firmapost@brreg.no. Årsrekneskapen og vedlagde dokument blir offentleg tilgjengelege.

Ved bruk av Google Chrome som nettlesar, er det brukare som har problem med å leggje til filvedlegg. Årsaken kan vere at SilverLight-plugin er blokkert, og at du må tillate at den kjøyrer. Får du varslet "Eit programtillegg blei blokkert", kan du godta ved å klikke på ikonet til høgre i adresselinja og tillate. Du kan også opne ei ny fane, og skrive adressa: chrome://plugins og aktivere Silverlight. 
 
Som eit aternativ, kan du nytte Internet Explorer for å leggje til filvedlegg.
For at Rekneskapsregisteret skal kunne behandle filvedlegget, bør det ha ein av desse filtypane:
 
Filtype Dokument
docx Word
doc Word
xlsx Excel
xls Excel
pdf Bilde
jpg Bilde
gif Bilde
png Bilde
tiff Bilde

Lista er ikkje uttømmande.

Det finst likevel variantar som fører til at dokumenta ikkje blir tilgjengelege for Rekneskapsregisteret:

  1. Dokument der det ikkje er meldt filtype i namnet.
  2. Om ei biletfil blir kopiert over i eit Word-dokument, kan biletet bli breiare enn margane - dette fører til at dokumentet blir ufullstendig. Legg derfor det skanna dokumentet ved som filvedlegg.
  3. Om innsendaren har definert eit utskriftsområde som ikkje tek med all teksten i eit Excel-dokument, vil berre det merkte området vere synleg i kontrollen vår.

Har du dokument med filtype Page eller Numbers, må desse lagrast som Word/Excel-fil eller pdf før innsending. Alternativt må dokumenta skannast og leggjast ved.

Tilbakemelding

Ved innsending til Rekneskapsregisteret får verksemda elektronisk tilbakemelding om motteken årsrekneskap.

Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS, når saksbehandlinga er utført.

Rekneskapsregisteret sender e-post til e-postadressene som blei gitt i skjema for årsrekneskapen og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å åpne vedtaket i Altinn, må du ha Adobe Reader installert.

Om årsrekneskapen blir nekta, og vedtaket i Altinn ikkje blir opna, sender Rekneskapsregisteret eit nytt varsel etter ei uke.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema