Her leverer du mellombalansen til Rekneskapsregisteret.

Start teneste

Om denne tenesta

Du rapporterer når disponeringar skal gjerast på grunnlag av mellombalanse.

Slike disponeringar er:

Aksjeselskap og allmennaksjeselskap som skal gjennomføre disponeringar som blir gjort på grunnlag av mellombalanse.

For å fylle ut, signere og sende inn skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar, Ansvarleg revisor, Rekneskaspførar med signeringsrett, Rekneskaspførar uten signeringsrett  eller Utfyller/innsender. 

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå hjelpesidene om roller og rettar.

I skjema for mellombalanse fyller du ut:

  • Balansedato.
  • Om selskapet har bestemt at mellombalansen ikkje skal reviderast.
  • Om rekneskapsreglane for små føretak er følgde.
  • Kva reglar som er brukt ved utarbeiding av mellombalansen til selskapet.
  • Dato for fastsetting av mellombalansen.
  • Namn på representant som stadfestar at mellombalansen er fastsett av generalforsamlinga.
  • Det er også anledning til å registrere inntil 10 e-postadresser som skal ha varsel når mellombalansen er saksbehandla. Varsel blir også send til varslingsadressene som er registrerte i Altinn.

Mellombalansen, noteopplysningar og eventuelt revisjonsmelding skal du legge til som filvedlegg. Du legg til filvedlegg frå fana "Oversikt - skjema og vedlegg".

Rekneskapsregisteret brukar skjemaet til å registrere mellombalansen, slik at han kan kunngjerast og gjerast offentleg tilgjengeleg.
 

Når Føretaksregisteret får meldingar om disposisjonar utført på grunnlag av mellombalanse, kontrollerer dei registrerte opplysningar om mellombalansen hos Rekneskapsregisteret.

Rekneskapsreglar og språk

Mellombalansen må utarbeidast etter same rekneskapsspråk og ha same rekneskapsprinsipp som blei brukt for siste årsrekneskap.

Prinsippendringar som selskapet har som føremål å gjennomføre i neste årsrekneskap, kan gjennomførast i mellombalansen, men må da forklarast i noter etter vanlege reglar for noteopplysningar om prinsippendringar i det brukte rekneskapsrammeverk.

Filvedlegg

Du skal leggje med mellombalansen, notar og eventuelt revisjonsmelding som filvedlegg.. Det er ikkje krav til å skanne dei originale dokumenta. Dokumenta kan også leggjast ved som tekstfiler (f.eks. Word).

Tryggleiken blir vareteken ved at innsendar har rolle/rett for innsending av mellombalansen via Altinn, og ved at det blir stadfesta at den innsende mellombalansen er fastsett av kompetent organ. Av den grunn er det ikkje krav om at mellombalansen m.v. som blir send til Rekneskapsregisteret er underskriven.

Om eininga har dispensasjon frå kravet om at årsrekneskapen og mellombalansen skal vere på norsk (rekneskapslova § 3-4 tredje ledd), skal dispensasjonen leggjast med. Dispensasjon blir gitt av Skattedirektoratet.

Det er berre dokumenter knytte til mellombalansen som skal leggjast ved. Andre dokument kan sendast på e-post til firmapost@brreg.no. Mellombalansen og vedlagde dokument blir offentleg tilgjengelege.

Ved bruk av Google Chrome som nettlesar, er det brukare som har problem med å leggje til filvedlegg. Årsaken kan vere at SilverLight-plugin er blokkert, og at du må tillate at den kjøyrer. Får du varslet "Eit programtillegg blei blokkert", kan du godta ved å klikke på ikonet til høgre i adresselinja og tillate. Du kan også opne ei ny fane, og skrive adressa: chrome://plugins og aktivere Silverlight. 
 
Som eit aternativ, kan du nytte Internet Explorer for å leggje til filvedlegg.

For at Rekneskapsregisteret skal kunne behandle filvedlegget, bør det ha ein av desse filtypane: 

Filtype Dokument
docx Word
doc Word
dot Word dokumentmal
rtf Rikt tekstformat
txt Ren tekst
xlsx Excel
xls Excel
pdf Bilde
jpg Bilde
gif Bilde
png Bilde
tiff Bilde

Det finst likevel variantar som fører til at dokumenta ikkje blir tilgjengelege for Rekneskapsregisteret:

  1. Dokument der det ikkje er meldt filtype i namnet.
  2. Om ei biletfil blir kopiert over i eit Word-dokument, kan biletet bli breiare enn margane - dette fører til at dokumentet blir ufullstendig. Legg derfor det skanna dokumentet ved som filvedlegg.
  3. Om innsendaren har definert eit utskriftsområde som ikkje tek med all teksten i eit Excel-dokument, vil berre det merkte området vere synleg i kontrollen vår.

Har du dokument med filtype Page eller Numbers, må desse lagrast som Word/Excel-fil, rtf eller pdf før innsending. Alternativt må dokumenta skannast og leggjast ved.

Tilbakemelding

Ved innsending til Rekneskapsregisteret får verksemda elektronisk tilbakemelding om motteken årsrekneskap.

Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS, når saksbehandlinga er utført.

Rekneskapsregisteret sender e-post til e-postadressene som blei gitt i skjema for årsrekneskapen og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å åpne vedtaket i Altinn, må du ha Adobe Reader installert.

Om årsrekneskapen blir nekta, og vedtaket i Altinn ikkje blir opna, sender Rekneskapsregisteret eit nytt varsel etter ei uke.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema