Her kan du registrere nye verksemder, som til dømes enkeltpersonføretak, foreiningar, aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak og stiftelsar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke denne tenesta.

Skal du starte eit enkeltpersonføretak? Er du godt førebudd på kva dette inneber?
Sjå oppstartsrettleiaren vår før du går i gang med registreringa.

Du kan òg endre registrerte opplysningar, eller oppløyse og slette verksemda.

Start teneste

Om denne tenesta

Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).

Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Frivilligregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.

Skjemaet er berre tilgjengeleg på bokmål.

Signering

Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i meldingsboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.

For å signere på vegner av ei verksemd, treng du Altinn-rolla Signerar av Samordna registermelding. Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere rolla «Signerar av Samordna registermelding» til deg.

Opplysninger som ikke kan meldes

Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk.

Personvern

Brønnøysundregistrenes personvernerklæring.

Skatteetaten har lansert ei digital løysing for søknader til Meirverdiavgiftsregisteret. Det er denne tenesta du skal bruka når du skal registrere deg for første gang, melde endring eller sletting.

Skal du signere på vegne av andre må du ha Altinnrollen Avgrensa signeringsrett eller Kontaktperson NUF for norskregistrerte føretak (NUF). Les meir om roller og rettar i Altinn.

 

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema