Om denne tenesta

BR1015 brukast av utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer frå før, men som har behov for d-nummer i forbindelse med registrering i Brønnøysundregistera, jf. folkeregisterforskrifta § 2-2-3 bokstav c og d.

Søknaden er kun eit vedlegg til papirversjonen av Samordna registermelding eller dokument til tinglysing, og kan ikkje sendast inn åleine.

BR1016 brukast av utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer frå før, men som har behov for d-nummer for å kunne utføre rapporteringsoppgåver i Altinn på vegner av rolleinnehavarar i juridiske einingar, jf. folkeregisterforskrifta § 2-2-3 bokstav d.

Både rolleinnehavar og søkar av d-nummer må fylle ut kvar sin del av skjemaet og signere.

D-nummer tildelast av Folkeregisteret. For at Brønnøysundregistra skal kunne bestille d-nummer, må alle felta i blanketten fyllast ut.

Dersom skjemaet er sendt inn med feil eller manglar, vil skjemaet bli returnert.

Meir informasjon om søknad om d-nummer på brreg.no.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema