Her kan du stifta aksjeselskap. Du opprettar stiftingssdokument og vedtekter, og selskapet er stifta når alle stiftarane har signert elektronisk.

Start teneste

Laurdag 20. april vil tenesta vera periodevis ustabil eller nede mellom kl. 08:00 og 11:00 på grunn av vedlikehald på systema våre.

Om denne tenesta

Privatpersonar og verksemder.

For å bruke denne tenesta på vegne av ei verksemd, treng du Altinn-rolla Signerar av Samordna registermelding. Skal du signere på vegne av ei verksemd, må du ha Altinn-rolla Parallell signering.

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rettar.  Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).

Når du bruker denne tenesta lagar du stiftingsdokument og vedtekter. Aksjeselskapet er stifta når alle har signert elektronisk.

Stiftarar

Stiftarane i eit aksjeselskap kan vere både personar og verksemder. Alle stiftarane må teikne aksjar i selskapet. Personar som er stiftarar må vere myndige og ikkje pådømt konkurskarantene.

Enkeltpersonføretak, norskregistrert utanlandsk føretak, kommunalt føretak, eigarseksjonssameige og andre som ikkje er sjølvstendige juridiske personar, kan ikkje vere stiftarar av aksjeselskap.

Signering

Alle som skal signere stiftingsdokumentet og eventuelle vedlegg, må gjere det elektronisk i Altinn.

Tilbakemelding

Når stiftingsdokumentet er signert, vil du og stiftarane få ei tilbakemelding i meldingsboksen i Altinn. Meldinga inneheld:

  • stiftingsdokument
  • vedtekter
  • eventuelt opningsbalanse
  • eventuelt utgreiing

Registrering i Føretaksregisteret

I tilbakemeldinga finn du ei lenkje til skjemaet Samordna registermelding. Denne skal du bruke når du skal registrere selskapet i Føretaksregisteret.

Føretaksregisteret må ha motteke melding om registrering av selskapet seinast tre månader etter at det er stifta.

Stiftingsdokument, vedtekter og eventuell opningsbalanse/utgreiing blir offentleg tilgjengeleg etter at selskapet er registrert i Føretaksregisteret.

Personvern

Brønnøysundregistra si personvernerklæring.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene

Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema