Skjema for melding av uhell og ulykker med transport av farleg gods skal brukast for å rapportere alle nesten-uhell, uhell og ulykker ved transport av farleg gods på veg og jernbane til DSB når hendinga har eller kunne ha fått konsekvenser for liv, helse, miljø eller materielle verdiar. Rapporteringsplikta omfattar hendingar ved lasting, lossing og transport av farleg gods og fristen er på 8 dagar. Alle uhell ved transport av farleg gods som fører til personskade skal rapporterast sjølv om det farlege godset ikkje er involvert i eller er årsaka til skaden.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast ved rapportering av nesten-uhell, uhell og ulykker ved transport av farleg gods på veg og jernbane.

Det er dei involverte verksemdene som har rapporteringsplikt. Verksemda avgjer sjølv kven som skal fylle ut rapporten. Det er mogleg å rapportere anonymt.

DSB registrerer nesten-uhell, uhell og ulykker for å følge skadeutviklinga innanfor området for å kunne forebygge ulykker, og for å å bidra med kunnskap til riktig dimensjonering, planlegging og opplæring av beredskap mot uhell med farlege stoff.

Email faglig brukerstotte : Postmottak@dsb.no

Åpne kontaktskjema