A-melding - alle skjema

I a-meldinga gir du opplysningar om inntekt, arbeidsforhold og forskotstrekk for dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift. Opplysningane går til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten.

A-melding - innsending frå system (A02)

For verksemder med lønnssystem

Har du eller rekneskapsføraren din eit system som er fullt integrert, sender du a-meldinga frå systemet. Denne tenesta er for verksemder med lønnssystem eller eit anna system som er delvis integrert mot Altinn.

A-melding - direkte registrering i Altinn (A01)

For mindre verksemder

Skjemaet er for deg som ikkje har eit lønnssystem og skal sende a-melding for 1 - 8 tilsette. Har du lønnssystem, skal du ikkje bruke dette skjemaet, heller ikkje til å endre opplysningar eller rette feil.

Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05)

For velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Skjemaet er for velgjerande organisasjonar som engasjerer ein privatperson til arbeidsoppdrag og lønnsutgifta ikkje inngår i næringsverksemd.

A-melding - bestill avstemmingsinformasjon (A06)

Bestill rapport

Avstemmingsrapporten oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar. Bestill ein rapport for å kontrollere kva for opplysningar du har sendt inn.

Er du privatperson?

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)

For privatpersonar

Skjemaet er for deg som betaler lønn til personar som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen din.

Mine inntekter og arbeidsforhold - bestilling (A08)

For privatpersonar

Her kan du bestille ei oversikt over opplysningar om inntekter og arbeidsforhold som dine arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar mv har rapportert til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå.

Om A-melding - alle skjema

Alle verksemder som betaler ut lønn og har tilsette skal levere a-melding. Dette gjeld blant anna:

  • Arbeidsgivarar
  • Pensjonsselskap

MERK: Utanlandske arbeidsgivarar som har rapporteringsplikt om kontrakts- og arbeidsforhold (skjema RF-1199) skal ikkje rapportere arbeidsforhold. Dei må likevel sende a-melding for utbetalt lønn og andre ytingar, frådrag, forskotstrekk og arbeidsgivaravgift.

Opplysningsplikta er lovfesta i a-opplysningslova.

Er du pliktig til å levere a-melding, men ikkje leverer eller leverer ho med feil, kan du få tvangsmulkt. Manglande rapportering kan òg få følgjer for dei tilsette. Dei kan få feil i skattemeldinga eller feil utbetalingar frå NAV. Det er difor svært viktig at du rapporterer riktig og innan fristen.

Hugs at du skal oppgi arbeidsforhold i a-meldinga sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten står saman om a-ordninga. A-ordninga er ein samordna metode for arbeidsgivarar og andre til å gi opplysningar om lønn og arbeidsforhold til staten. Opplysningane blir gitt i ei månadleg a-melding og blir dagleg brukt av private og offentlege aktørar.

Skatteetaten forvaltar ordninga på vegner av dei andre etatane.

Sjå eigne sider om a-meldinga

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Skatteopplysinga på telefon 800 80 000, tasteval 4-3-2 eller bruk Kontaktskjema.

Åpne kontaktskjema