Skjemaet skal brukast av selskap som skal starte opp revisjonsverksemd. Det må reknast fire uker behandlingstid.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast av selskap som kan dokumentere at vilkåra for godkjenning som revisjonsselskap er oppfylte.

Selskapet som søkjer om godkjenning, må vere registrert i Føretaksregisteret.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Dagleg leiar eller rolla Styreleiar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett. Om du ikkje har desse rollene, må du få dei delegert til deg frå nokon som har.

Eit einmannsføretak er ikkje eit selskap, og skal difor ikkje bruke dette skjemaet.

Revisjonsverksemd i einmannsføretak blir drive på grunnlag av innehavars personlege godkjenning/revisorregisternummer, sjå meir om dette på Finanstilsynet sine nettsider (ikkje Altinn-skjema) ) Godkjenning som ansvarleg revisor og Revisjonsvirksomhet i enkeltpersonsføretak.

Kopi av selskapet sine vedtekter.

Spørsmål om skjemaet?

Ved spørsmål om skjemaet, kontakt
Marianne Lenes, E-post: mal@finanstilsynet.no, Telefon: 22 93 97 94
Unn Hedvig Årskaug, E-post: uha@finanstilsynet.no, Telefon: 22 93 97 34

Åpne kontaktskjema