Dette skjema skal nyttast ved søknad om:
Du må levere søknad med vedlegg elektronisk i Altinn.
Søknadsskjemaet skal kun nyttast for personleg søknad om konsesjon.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring.
Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet.
LOV 2020-11-20 nr 128: Lov om revisjon og revisorer (revisorloven)
FOR-2020-12-18-2988: Forskrift om revisjon og revisorer
LOV 2007-06-29 nr 73: Lov om eiendomsmegling
LOV 1988-05-13 nr 26: Lov om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) § 4 følgjande.
FOR 1989-07-14 nr 562: Forskrift til inkassoloven m.m. (inkassoforskriften).
Sjå krav til konsesjon på Finanstilsynets nettsider:
https://www.finanstilsynet.no/konsesjon/ - vel fagområde frå lista.
Saksbehandlingstid
Finanstilsynet som mål å behandle søknadar om konsesjon for revisorar innan 30 dagar. Behandlingstida vert likevel påverka av kompleksiteten i søknaden, saksmengda elles og allokeringa av ressursane. Mangelfull dokumentasjon forseinkar også saksbehandlingstida. Enkelte kan derfor oppleve lenger behandlingstid enn 30 dagar.
Finanstilsynets vedtak kan påklagast. Det er Klagenemnda for revisor- og regnskapsførersaker som er klageinstans, jf. forskrift av 1. februar 2012 nr. 111. Klagen skal sendast til Finanstilsynet, som skal utføre dei undersøkingane som klagen gir grunn til og sende klagen over til klageinstans dersom avslaget vert halde ved lag, jf. forvaltningslova § 33. Klagen må nemne kva for vedtak som det vert klaga over, kva for endring ein ønskjer og dei årsakene klagen støttar seg til.
For andre konsesjonssøknadar er normal saksbehandlingstid 3-4 veker, rekna får det tidspunktet komplett søknad om konsesjon med alle relevante vedlegg er teken imot av Finanstilsynet.
Søkjar har høve til å klage etter forvaltningslova § 28.
Send e-post til post@finanstilsynet.no, benytt Altinn-skjemaet KRT-1060 (Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet) eller kontakt oss på telefon: