For å drive drosjetransport må du ha eit drosjeløyve. Eit slikt løyve er ei godkjenning av at du oppfyller krava til å drive drosjetransport.

Du må ha eit føretak/firma for å søkje. Det er dagleg leiar i føretaket/firmaet som kan søkje om drosjeløyve. Eit løyve kostar 3700 kroner.

Du skal bruke dette skjemaet dersom du søkjer om drosjeløyve i eit av desse fylka:
• Viken
• Oslo
• Rogaland
• Agder
• Innlandet
• Vestfold og Telemark
• Vestland
• Møre og Romsdal
• Troms og Finnmark
• Trøndelag

Dersom føretaket ditt er registrert i Nordland fylke finn du søknadsskjema her.

Start teneste

Om denne tenesta

Vilkår for å kunne få drosjeløyve

Vi stiller tre generelle vilkår for å få drosjeløyve:

  1. Fast og varig verksemd i Noreg
    Det inneber at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret, og fått tildelt eit organisasjonsnummer, før du fyller ut søknaden.
    • Registrer føretaket ditt på nettsidene til Brønnøysundregistera

  2. God vandel
    Det inneber at du må leggje ved politiattest for innehavar/dagleg leiar/transportleiar. Selskap må òg leggje ved politiattest for føretaket. Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du òg leggje ved kopi av dommen/førelegget i søknadsskjemaet.

  3. Tilfredsstillande økonomisk evne

    Det inneber at vi må hente inn skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for føretaket ditt. Om du gir oss samtykke til det, hentar vi desse dokumenta automatisk. Dette samtykket gir du ved å svare på ei melding du får i innboksen din i Altinn kort tid etter at du har sendt den elektroniske søknaden.

Dersom føretaket ditt er nytt, det vil seie oppretta for mindre enn tre månader sidan, må du òg leggje ved skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar. (gjeld ikkje enkeltpersonføretak).

I tillegg treng du ei garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap med ein kroneverdi tilsvarande 5000 euro for det første løyvet og 2500 euro for kvart løyve ut over dette. Banken/forsikringsselskapet skal sende garantierklæringa direkte til løyvestyresmakta før vi kan handsame søknaden din.

I 2023 er garantisummen 53 000 kr for det første løyvet og 26 000 kr for kvart løyve ut over dette.

4. Eigenerklæring om registrering i køyretøyregisteret, taksameter og taklampe

Før du set løyvet i drift skal du dokumentere at køyretøyet du skal bruke er registrert som drosje i køyretøyregisteret og at du har installert godkjent taksameter.

Når du får innvilga drosjeløyve sender vi deg eit skjema for eigenerklæring. Du må fylle ut skjemaet og leggje ved dokumentasjon og sende det tilbake til fylkeskommunen før du kan setje løyvet i drift. 

Du må òg ha godkjend taklampe og merke løyvenummeret på sidedøra av drosja.

Vi stiller tre generelle vilkår for å kunne få drosjeløyve
1. Fast og varig verksemd i Noreg
2. God vandel
3. Tilfredsstillande økonomisk evne
1. Du må drive ei fast og varig verksemd i Noreg

Det inneber at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret, og fått tildelt eit føretaksnummer/organisasjonsnummer, før du fyller ut søknaden.
Sjå Brønnøysundregistera for meir informasjon
Registrer føretak på nettsidene til Brønnøysundregistera
2. Du må ha god vandel

Det inneber at fylkeskommunen må ha ein politiattest både for sjølve føretaket og for innehavar/dagleg leiar. Kravet om å hente inn politiattest for føretak, gjeld ikkje for enkeltpersonføretak.

Dersom føretaket har ein transportleiar, er det transportleiaren som treng politiattest. Du må ha politiattestane klare før du fyller ut søknaden, og attestane skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Sjå nettsidene til politiet for meir informasjon
Søk om politiattest for føretaket
Søk om politiattest for innehavar/dagleg leiar eller transportleiar

Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du òg leggje ved kopi av dommen/førelegget i søknadsskjemaet. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg.

3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne
Det inneber at vi må hente inn attest for skatt og meirverdiavgift («skatteattest»), og stadfesting frå Konkursregisteret, for føretaket ditt. Dersom du gir oss samtykke til det, hentar vi desse dokumenta automatisk.

Dersom føretaket ditt er nytt, det vil seie oppretta for mindre enn tre månader sidan, må du leggje ved skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar (gjeld ikkje enkeltpersonføretak).

Du kan bestille båe delar på altinn.no:
Bestill skatteattest på altinn.no
Last ned stadfesting frå Konkursregisteret på altinn.no

Frå 1. november 2020 vart ordninga for drosjeløyve lik over heile landet. Difor har fylkeskommunane laga eit sams nasjonalt søknadsskjema.

Så langt har desse fylka tatt i bruk skjemaet:
• Viken
• Oslo
• Rogaland
• Agder
• Innlandet
• Vestfold og Telemark
• Vestland
• Møre og Romsdal
• Troms og Finnmark
• Trøndelag

Bur du i eit anna fylke må du kontakte fylket ditt for å få rett søknad.

Når du har sendt inn søknad
Når du har sendt inn søknaden, vil fylkeskommunen der føretaket ditt er registrert handsame søknaden din. Dersom dei godkjenner søknaden din, må du betale 3700 kroner per løyve du får innvilga.

Du vil få tilsendt eit skjema for eigenerklæring når du får innvilga drosjeløyve. Du må fylle ut skjemaet og leggje ved dokumentasjon og sende det tilbake til fylkeskommunen før du kan setje løyvet i drift. 

Løyvet gjeld i heile landet, med unntak for kommunar der andre løyvehavarar har einerett.

Du må setje deg inn i krava som gjeld for å ha eit drosjeløyve. Desse krava kan du lese meir om på nettsidene til fylkeskommunen.

Kva fylkeskommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema