Salsbevilling for sal av alkohol opptil 4.7%

For sal av alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol må ein søkje løyve frå kommunen. Ein må ha løyve før verksemda kan starte.

Om denne tenesta

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Kommunale tenester.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Det kan vere ulike vedleggkrav i ulike kommunar. Krava går fram av det enkelte skjemaet. Det er lurt å skaffe seg ein oversikt over krava før du startar utfyllinga. Dette er det vanleg å krevje:

Planteikningar over areala til lokalet og funksjonar
Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
Firmaattest frå Brønnøysundregistra
Skatteattest 

Når søknaden er motteke i kommunen, blir det innhenta utsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Bevillinga blir gjeve for maksimum fire år om gongen, men ikkje lenger enn 30. juni året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Behandlingstida i kommunen blir berekna til cirka tre månader.
Bevilling fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel fortsetje på den tidligare bevillinga i inntil tre månader. Føresetnaden er at bevillingsmyndigheita er underretta om dette og at det søkjast om ny bevilling så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Kriterium/vilkår:

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova . Løyve blir tildelt etter ein skjønnsmessig vurdering og gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Løyvehavaren skal utpeke ein styrar med avløysar som er knytt til salgsstaden. Styrar og avløysar må begge ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sett i alkohollova. Det blir kravd god vandel.

Salsbevilling kan ikkje gjevast til bensinstasjon eller kiosk.

Merknader:

Endringa i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av bevillingsperioden. Dette kan til dømes skje ved skifte av styrar og avløysar for bevillinga, endringar i driftskonsept eller endringar i eigartilhøve. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt ny bevilling. Melding om endring sendes til kommunen, som fattar nytt vedtak.

Kva kommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema