Serveringsløyve

Den som skal etablere og drive serveringsstad av mat og/eller drikke må søkje serveringsløyve hos den aktuelle kommunen før verksemda kan starte.

Om denne tenesta

Søknad sendast den aktuelle kommunen.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet elektronisk treng du Altinn-rolla kommunale tenester.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Det kan vere ulike vedleggkrav i ulike kommunar. Krava går fram av serveringslova § 8. Det er lurt å skaffe seg oversikt over krava før du startar utfyllinga.

Søknaden skal innehalde:

Namn og adresse på den for som skal drive serveringsstaden for si regning, og opplysning om organisasjonsnummer og eigarsamansetning dersom driver er ein juridisk person.
Oppgi den staden kor serveringsverksemda skal drivast.
Dokumentasjon på bestått etablerarprøve.
Skatteattest for den for som skal drive serveringsstaden for si regning.

Dersom kommunen finn det påkravd, kan det i tillegg krevjast framlagt følgjande dokumentasjon:

Leiekontrakt
Finansieringsplan
Driftsbudsjett
Likviditetsbudsjett 



Løyva gjeld etablering og drift av serveringsstader der et skal vere servering av mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for at det skal etast/drikkast på staden.

Kriterier/vilkår:

Dagleg leiar for serveringsstaden må bestå ein etablerarprøve for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og om lovgjeving av betyding for drift av serveringsstader.
Løyvesøkjar, daglig leder og personar som har vesentleg innverknad på verksemda må ha vist uklanderleg vandel.

Merknader:

Det er krav om løyve før oppstart av serveringsstaden. (Ved overdraging av serveringsstaden fell serveringsløyva  bort dersom ny eigar ikkje søkjer om løyve innan 30 dagar etter at overdraginga blei avtalt.)

For å kunne drive serveringsverksemd, må søkjaren i tillegg mellom anna registrere verksemda hos Mattilsynet, og bygningen må vere godkjent av dei kommunale bygningsstyresmaktene. Det må til dømes foreligge godkjent bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylt.

Det foreligg ikkje skjemaplikt, men opplysningsplikt til kommunen ved:
• Skifte av dagleg leiar.
• Endringar i personkretsen: daglig leder, løyvehavar, personar som har vesentleg innverknad på verksemda etter § 6 jf. § 7.
• Innstilt drift av serveringsstad.

Kva kommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema