Føretak som oppfyller krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket kan søke om produksjonstilskot, tilskot til avløysing ved ferie og fritid, distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og for produksjon av matpotet i Nord-Noreg.

Det elektroniske søknadsskjemaet er ikke tilpasset utfylling med nettbrett eller mobil.

Personvernerklæringa til Landbruksdirektoratet

Start teneste

VIKTIG MELDING – til deg som skal søke ERSTATNING for avlingssvikt
Vi forventer svært mange søknader, og anbefaler å søke så snart du kan.

Hvis du har spørsmål knyttet til utfylling eller det oppstår feilmelding i den elektroniske søknaden, vil kommuner ha begrenset mulighet til å hjelpe dersom alle henvendelser kommer de siste dagene før fristen. Spredning av søknader over et større tidsrom sikrer at det elektroniske søknadssystemet har kapasitet til å takle det store antallet søknader.

Det er iverksatt ulike tiltak for deg som søker erstatning i 2018. All informasjon om disse finner du samlet på fagsiden.

Gå til søknadsskjema for erstatning.

Om denne tenesta

Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Føretak som leverer søknaden innan fristen vil kunne endre opplysningane i søknaden innan 14 dagar utan å få trekk.

Søknadsfristane i 2018 vil bli praktiserte meir fleksibelt. I oktober vil det derfor vere mogleg å levere søknad i opptil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. oktober.
For føretak som ikkje leverte del 1 av søknaden innan fristen 15. mars, er det opna for at dei kan levere del 1 av søknaden innan 29. oktober. Søknaden må fyllast ut på papir, og den må leverast til kommunen innan 29. oktober 2018. Papirsøknaden er tilgjengeleg her.

Føretak som oppfyller krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, kan søkja om tilskot. Dette inneber blant anna at føretaket må vere registrert i Enhetsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon. Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller enkeltrett til tenesta.

For å sjekke om du har rett rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du sjå under menypunktet ”Profil, roller og rettar”. Om du ikkje har rett rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere til deg.

Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 3 eller høgare. Du skal blant anna kunne bruke kodebrev frå Difi.

Opplysningane blir brukt til å betala ut produksjonstilskot og avløysartilskot til føretak som driv jordbruksproduksjon i tråd med forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Tilskot blir utbetalt i medhold av forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, samt gjeldande Jordbruksavtale.

Opplysingane frå søknaden kan i medhold av lov om Oppgåveregisteret §§ 5 og 6 brukast òg av andre offentlege organ som har heimel til å hente inn dei same opplysningane. Les meir om lovheimel for oppgåvene i Oppgåveregisteret.

I skjemaet kan du søkja om:

  • Produksjonstilskot i jordbruket
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og for produksjon av matpotet i Nord-­Noreg

Trenger du hjelp?

Spørsmål om produksjons- og avløsertilskudd skal rettes til kommunen.

Åpne kontaktskjema