Føretak som oppfyller krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket kan søkja om produksjonstilskot, avløysartilskot, distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og for produksjon av matpotet i Nord-Noreg.

Personvernerklæringa til Landbruksdirektoratet

Start teneste

OBS! Ved innlogging i søknaden fører en feil i Altinn til at alle underenhetene er synlige og vises dobbelt i nedtrekkslisten når man skal velge aktør. Pass på at du velger riktig foretak, og ikke underenheten(e). Hvis du velger en underenhet, får du feilmelding om ingen tilgang. Da må du logge ut, lukke nettleseren og prøve på nytt.

Om denne tenesta

Det elektroniske søknadsskjemaet er ope for registrering frå og med teljedato 1 mars og 1. oktober. Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Føretak som leverer søknaden innan fristen vil kunne endre opplysningane i søknaden innan 14 dagar utan å få trekk.

Søknaden kan leverast inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. mars for del 1 og fram til og med 29. oktober for del 2, men utbetalinga blir då redusert med 1000 kroner for kvar dag over fristen. Etter dette er det ikkje lenger mogleg å levera søknad med mindre føretaket har fått dispensasjon frå søknadsfristen. Dispensasjon frå søknadsfristen vil berre vere aktuelt i tilfelle der spesielle, forbigåande omstende utanfor søkjars kontroll er årsaka til at søknaden ikkje blei levert i tide.

Føretak som oppfyller krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, kan søkja om tilskot. Dette inneber blant anna at føretaket må vere registrert i Enhetsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon. Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller enkeltrett til tenesta.

For å sjekke om du har rett rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du sjå under menypunktet ”Profil”. Om du ikkje har rett rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere til deg.

Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 3 eller høgare. Du skal blant anna kunne bruke kodebrev frå Difi.

Opplysningane blir brukt til å betala ut produksjonstilskot og avløysartilskot til føretak som driv jordbruksproduksjon i tråd med forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Tilskot blir utbetalt i medhold av forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, samt gjeldande Jordbruksavtale.

Opplysingane frå søknaden kan i medhold av lov om Oppgåveregisteret §§ 5 og 6 brukast òg av andre offentlege organ som har heimel til å hente inn dei same opplysningane.

I skjemaet kan du søkja om:

  • Produksjonstilskot
  • Avløysartilskot
  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker, og for produksjon av matpotet i Nord-­Noreg

Treng du hjelp?

Spørsmål om produksjons- og avløsartilskot skal rettast til kommunen.

Åpne kontaktskjema