Alle landbruksføretak kan søkje om tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Tilskotet blir gitt til jordbruksføretak som fyller vilkåra for regionale miljøtilskot. Meir informasjon om regionale miljøprogram finn du på Statsforvaltaren sine nettsider.

Start teneste

OBS! Ved innlogging i søknaden fører en feil i Altinn til at alle underenhetene er synlige og vises dobbelt i nedtrekkslisten når man skal velge aktør. Pass på at du velger riktig foretak, og ikke underenheten(e). Hvis du velger en underenhet, får du feilmelding om ingen tilgang. Da må du logge ut, lukke nettleseren og prøve på nytt.

Om denne tenesta

Skjemaet er tilgjengeleg frå 15. september.

Frist for innlevering av søknaden vert fastsett av Statsforvaltaren. Sjå rettleiinga for fylket du søkjer i.

Alle føretak som fyller grunnvilkåra for produksjonstilskot i jordbruket og som ellers fyller vilkåra for dei enkelte tiltaka i Regionalt miljøprogram for fylket.

For å fylle ut dette skjemaet må du representere eit landbruksføretak i Altinn. Du må ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller enkeltrett til tenesta.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet ”Profil, roller og rettar”. Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere til deg. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare. 

Skjemaet skal brukast til å søkje om tilskot til miljøtiltak.

I søknaden må du registrere alle miljøtiltaka du søkjer tilskot til. Dei fleste tiltaka skal teiknast inn i elektronisk kart. Sjå rettleiing.

Dersom du skal søke om tilskot i fleire fylker, må du levere eitt skjema for kvart fylke.

Regionalt miljøtilskot blir gitt til jordbruksføretak som utfører miljøtiltak i jordbruket. Kvart enkelt fylke har sitt eige miljøprogram. Du finn meir informasjon om miljøprogrammet i det enkelte fylke på Statsforvaltaren sine nettsider.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller trenger veiledning.

Åpne kontaktskjema