Landbruksføretak som slepp dyr på beite kan organisere seg i beitelag og samarbeida om tilsyn, sanking og andre fellestiltak knytt til utmarksbeite. Beitelaga kan få stønad til drift.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet er tilgjengeleg frå 1. august.

Frist for innlevering av søknad vert fastsett av Fylkesmannen. Sjå rettleiinga for fylket du søkjer i.

Alle beitelag kan levere søknad, dersom dei fyller vilkåra for Organisert beitebruk i fylket.

For å fylle ut dette skjemaet må du representere beitelaget i Altinn. Du må ha rolla «Primærnæring og næringsmiddel» eller enkeltrett til tenesta.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet ”Profil, roller og rettar”. Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere til deg. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare.

Skjemaet skal brukast til å søkje om tilskot til organisert beitebruk.

Søknaden skal sendast inn på vegne av heile beitelaget. Alle beitedyra som medlemmene søkjer tilskot for, skal registrerast.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller trenger veiledning.

Åpne kontaktskjema