Om denne tenesta

  • Skjemaet skal brukast til å rapportere omsetning og inntekter frå pengespel som bingo og lotteri.

    • Bingomedhjelparar skal rapportere fire gongar i året.
    • Bingo utan medhjelpar skal rapportere innan 6 veker etter ferdigspelt løyveperiode. Det same gjeld for radio/tv-bingo.

    Lotteri med årleg omsetning over 200 000 kroner skal rapportere seinast 4 månadar etter avslutta lotteri.

    Dersom det er gjort feil eller har spørsmål kan du sende e-post til postmottak@lottstift.no eller ta kontakt på 57 82 80 00.

Bruk skjemaet dersom du er 1) ikkje-fortenestebasert lag eller organisasjon, 2) kringkastar eller 3) medhjelpar, og skal rapportere for ein av ordningane nemnt i punktlista over.

For å fylle ut skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/innsendar. Alternativt kan du få tildelt tilgang til dette særskilde skjema som enkeltteneste.

Du kan sjå kva slags roller du har for ein aktør på sida Profil. Dersom du ikkje har denne rolla eller tilgangen, må du få  styreleiar eller andre med tilgangsstyring, til å delegere det til deg.

Ut frå vala dine kjem det opp ei oversikt til slutt i skjemaet over kva vedlegg du må sende inn. Legg merke til at ikkje alle rapportar skal ha vedlegg.

Lover og reglar knytt til denne type pengespel er forankra i Lov om pengespill (pengespilloven) - Kapittel 4. Pengespilltilbud fra andre enn enerettstilbyderne - Lovdata. Det er Lotteritilsynet som forvaltar dette regelverket.

På nettsidene våre kan du lese meir om kvifor ein må søke og kva reglar som gjeld. Les meir her Lover og regelverk - Lottstift

Rapportskjema for lotteri og bingo.

Faglege spørsmål rettast til postmottak@lottstift.no
57 82 80 00

Åpne kontaktskjema