Om denne tenesta

Skjemaet er ikkje oppdatert etter ny forskrift eller lov, så du vil oppleve at skjemaet ikkje er tilpassa regelverket som gjeld frå 2023.

I dette skjemaet kan du søke om;

  • godkjenning av bingolokale
  • godkjenning som medhjelpar
  • pengespel som bingo/lotteri med omsetning over 200 000 kroner
  • radio- og tv-bingo

Skjemaet er ope heile året.

Dersom du har gjort feil eller du ikkje forstår skjemaet kan du ta kontakt på postmottak@lottstift.no eller på telefon 57 82 80 00.

Skjema for søknad om førehandsgodkjenning av organisasjon, finn de på www.lottstift.no

Bruk skjemaet når du skal søke på ordningane våre og dersom du er:

  • ikkje-fortenestebasert lag eller organisasjon
  • kringkastar
  • medhjelpar

For å fylle ut skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/innsendar. Alternativt kan du få tildelt tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste.

Du kan sjå kva slags roller du har for ein aktør på sida Profil. Dersom du ikkje har denne rolla eller tilgangen, må du få styreleiar eller andre med tilgangsstyring, til å delegere det til deg.

Kva slags vedlegg vi krev, er avhengig av kva du søker om. Ut frå vala dine kjem det opp ei oversikt til slutt i skjemaet over kva vedlegg du må sende inn.

Lover og reglar knytt til desse pengespela, er forankra i Lov om pengespill (pengespilloven) - Kapittel 4. Pengespilltilbud fra andre enn enerettstilbyderne - Lovdata. Det er Lotteritilsynet som forvaltar regelverket.

På nettsidene våre kan du lese meir om kvifor ein må søke og kva reglar som gjeld. Les meir her Lover og regelverk - Lottstift

Søknadsskjemaet inneheld fleire tenester. Lag og organisasjonar kan søkje om å bli godkjennt som lotteriverdig organisasjon. Entreprenørar kan søkje om autorisasjon. Lag og organisasjonar som er blitt godkjende som lotteriverdige kan søkje om løyve til å halde bingo eller lotteri. Entreprenørar kan søkje om løyve til å halde entreprenørbingo.

Treng du hjelp?

Faglege spørsmål rettast til
postmottak@lottstift.no
57 82 80 00

Åpne kontaktskjema