Om denne tenesta

Krav til rapportering til individregister for storfe.

Følgjande hendingar skal rapporterast til storferegisteret:

- Nyfødd dyr merka første gong.

- Alle overføringar av storfe inn og ut av dyrehald (kjøp, sal, levering til slakt, import, eksport, samt dyr gått inn/ut av besetning av andre årsakar.)

Storfehaldarar som ikkje er medlemar av Kukontrollen eller Storfekjøttkontrollen.

Alle storfehald finn oversikt over sine storfe og rapporteringspliktige hendingar som er rapportert.

Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.

For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.

Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å  delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).

FOR 2002-09-03 nr 970: Forskrift om merking, registrering og rapportering av dyr

FOR 2005-11-30 nr 1356: Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe

Tenesta erstatter delar av Husdyrregisteret:

  • Individregisteret for storfe i Husdyrregisteret
  • Dyrehaldjournal for småfe, sau og geit

 Følgjande hendingar har eigne skjema:

  • Skjema for årleg innrapportering av antall småfe
  • Flyttemelding for svin  mellom dyrehald
  • Tenesta ’Flytting av småfe mellom dyrehold’ er ny.

Ved oppstart av nytt storfehald eller småfehald eller endringar i dyrehaldene som ny/ombygd driftsbygning, vert skjemaet ’Nytt eller endra dyrehald’ brukt.

Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema