Om denne tenesta

Fristen for årsoppdatering blir fastsett av Miljødirektoratet og blir annonsert på Miljødirektoratet si heimeside.

Tenesta nyttast ved produksjon og import av faremerkte kjemikal når mengda per år er 100 kg eller meir. Alle biocid skal rapporterast uavhengig av fareklasse og mengd.

Berre den som er registrert som dagleg leiar eller kontaktperson i NUF i Einingsregisteret har tilgang til denne tenesta. Dagleg leiar kan delegere tilgang til tenesta som enkeltrettighet til andre personar.

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare.

Rapporteringsordninga er heimla i merkeforskrifta §21.

Produktregisteret er myndigheitenene sitt sentrale register over farlege kjemiske stoff og produkt som blir importerte og produserte i Noreg.

Opplysningar om samansetjing, bruksområde, produkttype, klassifisering med meir skal sendast inn.

Miljødirektoratet si rapporteringsteneste for produktdeklarering rettar seg mot produsentar og importørar av kjemiske stoff og stoffblandingar.  Verksemda bruker tenesta til løpande rapportering av kjemikal og årleg rapportering av produsert, importert og eksportert mengd.

Trenger du hjelp?

Spørsmål om tjenesten kan rettes til Miljødirektoratet:

Produktregisteret

Telefon: 03400 / 73 58 05 00
E-post: produktregisteret@miljodir.no

Åpne kontaktskjema