Vassdragsteknisk ansvarleg

Har du utdanning eller yrkeskvalifikasjon frå utlandet, må du ha godkjenning eller autorisasjon for å utøve yrket i Noreg. Godkjenningsmyndigheita vil vurdere om du oppfyller krava til å utøve yrket og bruke yrkestittelen i Noreg. Du finn opplysningar om dokumentasjonskrav, søknadsprosess og regelverk på NVE sine nettsider.

Finn skjemaet på nve.no

Om denne tenesta

Språkkrav:

Det stilles ingen krav til at søkjar skal kunne eitt spesielt språk. Det vil likevel vere svært vanskeleg å tileigne seg obligatorisk praksis utan å kunne lese, skrive og snakke eit av dei skandinaviske språka.

Kriterium/ vilkår for godkjenning:

Hvis kvalifikasjonen din er frå eit EØS-land eller Sveits, kan du ha rett til å få søknaden din handsama etter yrkeskvalifikasjonslova og forskrift om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner. I tillegg går nasjonale kvalifikasjonskrav knytt til praktisering av yrket fram av forskrift damsikkerheitsforskrifta § 3-3 Kvalifikasjonskrav til vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) og stedfortredande VTA. 

Sakshandsamingsfristar:

Godkjenningsmyndigheita skal ha handsama søknaden ferdig innen om lag tre månader etter at komplett søknad er sendt inn.

Gebyr:

Noregs vassdrags- og energidirektorat krev ikkje gebyr for handsaming av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når godkjenningsmyndigheita har fatta eit vedtak, har du mogelegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kap. VI. Derom søknaden din er omfatta av yrkeskvalifikasjonslova, kan du òg klage viss godkjenningsmyndigheita ikke har handsama saka innan fristen (sjå Sakshandsamingsfrister over).

Godkjenningsmyndigheit

Noregs vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091 Majorstua,
0301 Oslo

E-post: nve@nve.no
Tlf: 22 95 95 95

Besøksadresse: Middelthuns gate 29, 0368 Oslo

Åpne kontaktskjema