Bruk dette skjemaet dersom du skal gjere endringar i søknader eller rettar knytte til konkrete varemerke-, design- og patentsaker.

Start teneste

Om denne tenesta

Vi gjer merksam på at i internasjonale varemerkeregistreringar er det berre fullmektigendringar du skal melde til Patentstyret. Andre endringar skal du melde direkte til WIPO.

Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.

Korleis gje rettar til andre

Kvittering
Kvittering finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Meldinga din blir offentleg
Alle dokument knytte til meldinga vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.

Treng du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00 (måndag – fredag kl. 8.00 – 15.00)
E-post: post@patentstyret.no

Åpne kontaktskjema