Bruk dette skjemaet dersom du produserer og sel produkt av gull, sølv eller platina med påstempla finheitsgrad. Då har du plikt til å stemple produkta dine med eit ansvarsmerke som er registrert hos Patentstyret. Ansvarsmerket skal identifisere den som er ansvarleg for at finheita i vara er i samsvar med det påførte finheitsstemplet.

Start teneste

Om denne tenesta

Dersom den som søkjer er representert ved ein fullmektig, kan denne sende inn søknaden på vegner av søkjaren. Innsendaren vil også bli registrert som avsendar av søknaden i samsvar med «arkivlova».
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.

Korleis gje rettar til andre

Betaling og kvittering
Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Søknaden din blir offentleg

Søknaden din og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.

Treng du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00 (måndag – fredag kl. 8.00 – 15.00)
E-post: post@patentstyret.no

Åpne kontaktskjema