Eit felles-, garanti eller kontollmerke er eit namn, ein logo eller eit anna kjenneteikn som du kan bruke for å skilje varene og tenestene dine frå andre sine varer og tenester.

Eit fellesmerke skal kunne brukast av alle medlemmane i ei samanslutning.

Eit garanti- eller kontrollmerke skal vise at varer eller tenester er kontrollert med omsyn til til dømes material, produksjonsmetode eller kvalitet.

Start teneste

Om denne tenesta

Innehavaren av eit garanti- eller kontrollmerke kan ikkje sjølv drive næringsverksemd med varene eller tenestene kontrollen gjeld.

For å sende inn ein søknad på vegne av ein verksemd, treng du rolla Patent, Varemerke og Design, eller ha enkeltrett til tenesta.

Sjå hjelpesidene til Altinn for rettleiing om roller og rettigheiter.

Betaling og kvittering

Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.

Søknaden din blir offentleg

Søknaden din og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.

Treng du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.

Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no 

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema