Bruk dette skjemaet dersom du skal søkje om einerett til eit design, det vil seie utsjånaden av eit produkt. Dersom du søkjer om slik einerett for første gong, tilrår vi deg å følgje denne lenka for meir informasjon og eige søknadsskjema. Eineretten gjeld all kommersiell utnytting i Noreg.

Start teneste

Om denne tenesta

Dersom du har vist designet ditt offentleg, må du sende inn søknaden seinast 12 månader etter at du viste det offentleg første gong.

Design og utsjånad er avgjerande for kva produkt vi vel å kjøpe. Ofte er det mange tilbydarar av same produkt, berre designet skil dei. Det betyr at det ligg store verdiar i forma til produkta, og at det er lurt å beskytte desse verdiane. Ein måte å gjere det på er å søkje om einerett til design.

Dersom den som søkjer er representert ved ein fullmektig, kan denne sende inn søknaden på vegner av søkjaren. Innsendaren vil også bli registrert som avsendar av søknaden i samsvar med «arkivlova».

Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.

Korleis gje rettar til andre.

Betaling og kvittering
Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.

Søknaden din blir offentleg
Søknaden din og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.

Hjelp og rettleiing
Rettleiing til utfylling av skjemaet

Trenger du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema