Bruk dette skjemaet dersom du skal søkje om supplerande vernesertifikat for legemiddel eller plantefarmasøytiske produkt. Du kan også bruke skjemaet til å søkje om forlengd gyldighetstid for supplerande vernesertifikat for legemiddel.

Start teneste

Om denne tenesta

Søknad om supplerande vernesertifikat må sendast til Patentstyret innan seks månader frå den dagen det fyrste marknadsføringsløyvet for produktet bli gitt her i landet, eventuelt frå den dagen patentet blei kunngjort, dersom dette er seinare.

Utskrivinga av eit sertifikat kan forlengje vernetida med inntil fem år. Gyldigheitstida for sertifikatet blir den tida som har gått frå søknaden om patent blei innlevert, til avgjerda om det fyrste løyvet til å marknadsføre produktet innan EØS blei kunngjort, redusert med fem år.

Søknad om forlengd gyldigheitstid kan leverast samtidig med ein søknad om sertifikat, eller gjelde ein tidlegare innlevert søknad om sertifikat eller eit allereie kunngjort sertifikat.

Etter vanlege reglar må søknad om seks månaders forlenging av gyldigheitstida til eit supplerande vernesertifikat blir levert seinast to år før utløpet til sertifikatet. Av omsyn til innehavarar av sertifikat som går ut dei fyrste åra etter at pediatriforordninga tre i kraft i Noreg, er det gitt eigne overgangsreglar.

Etter overgangsreglane må søknader om forlenging av gyldigheitstida til eit supplerande vernesertifikati Noreg, fram til 1. september 2022, blir leverte seinast seks månader før utløpet til sertifikatet. Etter dette gjeld den vanlege søknadsfristen på seinast to år før utlaupet til sertifikatet.
Du kan lese meir om supplerande vernesertifikater, inkludert forlenging av gyldigheitstida for desse, hos Patentstyret.

Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design

Manglar du denne rolla, må du få nokon til å gi den til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Betaling ved innlevering

Skjemaet gir deg høve til å betale søknaden ved innlevering. Kvittering for betalinga finn du på Altinns kvitteringside som kjem opp når du har levert inn søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til eigen PC.

Søknaden din blir offentleg

Søknaden dine og alle dokument knytte til den vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiebelagt informasjon. Du kan be oss om unntak for forretningsløyndomar. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som du ønskjer unnateke. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheit.

Elektronisk kommunikasjon

Vi sender varsel til e-postadressa du har oppg:oppgitt i skjemaet så snart brev frå oss finst tilgjengeleg i innboksen i Altinn. Fakturaer vil derimot bli sende til postadressa du har oppgitt i søknaden. Vêr merksam på at dersom du sender inn søknaden på vegner av ein organisasjon, vil du motta brev frå oss i innboksen til organisasjonen.

Treng du hjelp?

Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.

Telefon: +47 22 38 73 00 
E-post: post@patentstyret.no

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema