Skjemaet blir brukt til å bestille opplysningar om skatt og avgift (attest) for bedrifter.

Start teneste

Om denne tenesta

Bruk skjemaet for å bestille ein attest med opplysningar om skatt og avgift for bedrifta di. Attesten inneheld blant anna informasjon om meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift og restansar.

Vil du at andre skal ha ein kopi av attesten, kan du skrive opp ein mottakar når du bestiller. Når du skal svare på eit anbod, må du ofte levere denne attesten.

Skjemaet er for deg som skal bestille eller dele ein attest for bedrifta di.

For å få tilgang til å bruke skjemaet må du ha ei av desse rollene i Altinn:

Her finn du meir informasjon og ei oversikt over alle Altinn-rollene.

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Dersom du er ny brukar i Altinn, kan du gå til hjelpesidene.

Attesten er et PDF-dokument, og du finn det i bedriftinnboksen i Altinn. Bedrifta du har ført opp som kopimottakar, får attesten i sin innboks. Dei ser kven som utførte bestillinga, og kven som blei ført opp som kontaktperson hos mottakaren.

Ønskjer du å dele attesten din med privatpersonar, kan du vidaresende han per e-post etter at du har fått han i innboksen din.

Attesten inneheld desse opplysningane:

Nøkkelinformasjon om verksemda og talet på tilsette (henta frå Einingsregisteret)Første eller siste termin for MVA-melding og type terminMeirverdiavgift for dei 3 siste terminaneGrunnlag for arbeidsgivaravgift for dei 3 siste terminane.Informasjon om forfalne, men ikkje betalte skattar og avgifter.

Informasjon om oppdrag for utanlandske føretak i oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret  (https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/utenlandsk/selvstendig-naringsdrivende/registreringsplikt/oppdrags-og-arbeidsforholdsregisteret/)

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon 800 80 000

Åpne kontaktskjema