Skal du flytte innanlands kan du melde frå til folkeregisteret elektronisk. Flytting kan endre kva kommune du skal røyste i, skatte til og få offentlege ytelsar frå.

Start teneste

Om denne tenesta

Folkeregisteret skal ha meldinga elektronisk eller på papir seinast åtte dagar etter flytting.

Privatpersonar busett i Noreg som flyttar til anna adresse i Noreg kan nytte flyttemelding.

Du må framleis levere melding om flytting på papir dersom du:

  • Skal flytte til eller frå utlandet
  • Skal flytte til Svalbard (kontakt skattekontoret i Longyerarbyen for skjema)
  • Har hemmeleg adresse
  • Er under 18 år
  • Er umyndiggjort
  • Har D-nummer

For å fylle ut dette skjemaet trenger du Altinn-rolla Privatperson avgrensa rettar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Du kan melde flytting for alle i din husstand.

Trenger du hjelp?

Se http://www.skatteetaten.no/no/Skjemaer/Flyttemelding-til-folkeregisteret/for nærmere informasjon angående utfylling av flyttemelding.

Trenger du ytterligere hjelp, ta kontakt med Skatteetaten på på telefon 800 80 000/ +47 22 07 70 00. For english menu, press 9

Åpne kontaktskjema