Viss du meiner noko er feil med formues- og inntektsskatten din for 2020 eller 2021, kan du gå inn via lenka her: Eg vil endre eller klage på formues- og inntektsskatten, så skal vi fortelje deg korleis du går fram. Dette skjemaet, RF-1117,  gjeld berre for inntektsåret 2019 og tidlegare år.

Start teneste

Om denne tenesta

Du kan klage på skatteoppgjeret

Du har rett til å klage på skatteoppgjeret. Klagefristen er seks veker etter at du tok imot skatteoppgjeret. I klaga må du grunngi kvifor du meiner at skatteoppgjeret er feil. 


Meiner du feilen er at ikkje alt skattetrekk eller forskotsskatt har kome med, må du klage til skatteoppkrevjaren i kommunen din.

Serviceerklæringane til Skatteetaten fortel deg kva slags service du kan vente deg av Skatteetaten. Der finn du òg informasjon om kven du skal kontakte og kva for rettar og plikter du har.

Skjemaet blir nytta av alle som vil klage på likninga. Forskotspliktige skattytarar skal levere skjema på fødselsnummeret sitt. Selskap med deltakerfastsetting og etterskotspliktige skattytarar skal levere på organisasjonsnummer.

NB! Dersom klaga inneheld sensitive opplysningar (til dømes om sjukdom), må klaga sendast i brev til skattekontoret.

Skjemaet er tilgjengeleg for alle med unnatak av:

  • Bedrift – du må bruke det juridiske organisasjonsnummeret.
  • Enkeltpersonsføretak – du må bruke fødselsnummer.

Om du vil klage på skatteoppgjeret for inntektsåret 2019 og tidlegare år, kan du sende inn skjemaet elektronisk. Skjemaet blir sendt vidare til skattekontoret for behandling.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema