Kontaktskjemaet blir brukt for å sende inn førespurnader til Skatteetaten.

Start teneste

Om denne tenesta

Skal sendast inn ved behov 

Innsending på vegner av bedrift/organisasjon: Du må ha rettar i Altinn for denne tenesta for å kunne representere bedrifta/organisasjonen. For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Utfyllar/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig krev det rolla Revisorrett eller Ansvarleg revisor.

Merk at dersom førespurnaden gjeld tilhøve knytt til deg som privatperson, bør ei anna utgåve av skjemaet nyttast:

Kontaktskjema – Skatteetaten (privatperson)

Dette vil sikre at førespurnaden og påfølgjande mottakskvittering og svar berre blir synleg for deg og eventuelle andre Altinn-brukarar som du spesifikt har tildelt naudsynte rettar til. 

Kontaktskjemaet blir brukt dersom du ønskjer å ta skriftleg kontakt med Skatteetaten. Du får svaret via Altinn, og blir varsla på SMS og/eller e-post når det er sendt ut.


Skjemaet bør helst sendast inn med organisasjonsnummer som avgivar (vel å rapportere for organisasjonen).

Dette skjemaet er definert med rettar slik at innsendt førespurnad og påfølgjande mottakskvittering og svar blir synleg også for Altinn-brukarar med delegerte rettar for den bedrifta/organisasjonen som ved innsendinga står som avgivar av skjemaet. 

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema